Feilmeldingssverktøyet

Feilmeldingsverktøyet vert opna automatisk når eit program krasjar.

Feilmeldingsverktøyet samlar inn all informasjon som programutviklarane treng for å gjera koden betre, slik at dei kan hindra at den same feilen oppstår i seinare versjonar av programmet. Vi oppfordrar deg til å senda inn feilmeldinga som vert laga. På denne måten hjelper du oss til å gjera programma betre.

Starta feilrapporteringsverktøyet

Ved dei fleste programkrasja vil feilrapporteringsverktøyet starta automatisk.

Fylla ut rapporten

I hovuddialogvindauget til feilrapporteringsverktøyet kan du skriva inn ekstra informasjon som kan hjelpa utviklarane til å finna feilen. Viss feilen for eksempel berrre oppstår når du gjer endringar i maskinvaren eller i programvaremiljøet, eller viss feilen berre oppstår når du klikkar på éin bestemt knapp, ber vi deg om å ta med informasjon om dette.

Sender feilrapporten

Feilrapporteringsverktøyet bruker HTTP PUT / SOAP-protokollen til å senda rapportdataa. Du kan også skriva inn ein beskrivande tekst, slik at det er enklare å finna ut kva som var årsaka til at programmet krasja. Trykk så på Send.

Åtvaringsikon

Du får ikkje svar på feilrapporten. Viss du treng støtte, bør du heller sjå innom støtteforumet vårt på Internett.


Du kan velja om du vil svara på eventuelle spørsmål frå utviklarane om feilen du skriv om i rapporten. Merk av i avkryssingsboksen viss vil la oss kontakta deg via e-post viss vi treng meir informasjon om feilen. Denne boksen er til vanleg ikkje merkt, så du vil ikkje få nokon e-post frå oss.

Kva data vert sendt?

Feilrapporten inneheld fleire filer. Hovudfila inneheld informasjon om feilen som har oppstått, operativsystem og versjon, minnebruk og beskrivinga di. Trykk på knappen Vis rapport i hovuddialogvindauget til feilrapporteringsverktøyet for å sjå på det som vert sendt i hovudfia.

Dessutan vil nokre standardverktøy i systemet («dbhhelp.dll» i Windows, «pstack» i UNIX) samla inn relevant innhald frå minnet og stakkspor. Denne informasjonen vert også sendt.