Senda dokument som e-postvedlegg

Når du arbeider med LibreOffice, kan du senda det gjeldande dokumentet som eit vedlegg i e-post.

  1. Vel Fil → Send → E-postdokument.

    LibreOffice vil opna standardprogrammet for e-post.

  2. I e-postprogrammet skriv du inn mottakaren, emnet og teksten du vil leggja til og sender e-posten.

Tipsikon

Dersom du vil senda e-posten til ein mottakar som ikkje har program for å opna OpenDocument-formatet, kan du senda dokumentet i eit mykje brukt merkevareprodukt sitt format.
For tekstdokument vel du for eksempel Fil → Send → E-post som Microsoft Word. For rekneark kan du velja Fil → Send → E-post som Microsoft Excel og for presentasjonar via Fil → Send → E-post som Microsoft PowerPoint.
Ønskjer du å senda dokumentet i eit skriveverna format, vel Fil → Send → E-post som PDF.
Desse kommandoane endrar ikkje dokumentet. Det som vert sendt er ein mellombels kopi.


Lagra dokument