Kopiera reknearkområde til tekstdokument
-
Opna både tekstdokumentet og reknearket.
-
Merk arkområdet du vil kopiera.
-
Peik på det merkte området og trykk på museknappen. Hald museknappen inne eit par sekund og dra deretter området inn i tekstdokumentet.
Viss dokumenta ikkje vert viste side ved side, må du først flytta musepeikaren til knappen i måldokumentet medan du held inne museknappen. Det andre dokumentet kjem fram, og du kan flytta peikaren til det.
-
Når peikaren er plassert der du vil setja inn området frå arkområdet, slepp du knappen. Arkområdet vert sett inn som eit OLE-objekt.
-
Du kan når som helst merkja og redigera OLE-objektet.
-
Du kan redigera OLE-objektet ved å dobbeltklikka på det.
Du kan også merkja objektet og bruka Rediger → Objekt → Rediger eller velja Rediger frå sprettoppmenyen. Objektet vert redigert i si eiga ramme inne i tekstdokumentet, men du vil sjå knappane og menykommandoane du treng for rekneark.
-
Vel Opna for å opna kjeldedokumentet for OLE-objektet.