Kopiera bilete mellom dokument

Du kan kopiera eit bilete frå eit dokument til eit anna ved å bruka dra og slepp. Viss du har planar om å publisera dokumentet, må du vera merksam på lover om opphavsrett og få løyve frå dei som har opphavsretten til bileta.

  1. Opna dokumentet du vil setja biletobjektet inn i.

  2. Opna dokumentet som inneheld biletet du vil kopiera.

  3. Klikk på biletet samstundes som du trykkjer for å merkja det utan å opna hyperlenkja det viser til.

  4. Hald museknappen inne og vent medan objektet vert kopiert til internminnet.

  5. Dra biletet inn i det andre dokumentet.

  6. Slipp museknappen når den grå tekstmarkøren er plassert der du vil setja inn ein kopi av biletet.

  7. Viss biletet er kopla med ei hyperlenkje, vert hyperlenkja sett inn i staden for biletet.

Dra og sleppa i eit LibreOffice-dokument

Kopiera reknearkområde til tekstdokument

Kopiera bilete frå galleriet

Leggja til bilete i galleriet