Leggja til bilete i galleriet
Du kan bruka dra og slepp til å kopiere eit bilete frå eit dokument, for eksempel ei HTML-side, til galleriet.
-
Vel galleritemaet der du vil leggja til biletet.
-
Plasser musepeikaren over biletet, men ikkje klikk på det.
-
Viss peikaren vert endra til eit handsymbol, viser biletet til ei hyperlenkje. Du kan då klikka på eit bilete medan du trykkjer Val Alt for å merkja biletet utan å opna lenkja det viser til.
Viss peikaren ikkje vert endra til eit handsymbol, kan du ganske enkelt klikka på biletet for å merkja det.
-
Slepp opp museknappen når biletet er merkt. Klikk på biletet igjen og hald museknappen inne i meir enn to sekund. Biletet vert kopiert til internminnet.
-
Dra biletet til galleriet utan å sleppa museknappen.