Kopiera bilete frå galleriet
Viss du drar eit bilete frå galleriet til eit tekstdokument, eit rekneark eller ein presentasjon, vert biletet sett inn i dette dokumentet.
Viss du slepp biletet direkte på eit teikneobjekt, må du vera merksam på dette:
-
Viss du flyttar biletet (drar det utan å halda nede ein tast, altså utan at det vert vist eit symbol ved sida av peikaren) vert berre eigenskapane kopierte frå biletet og lagt til det teikneobjektet som du slepp det i.
-
Viss du kopierer biletet (drar medan du held nede CmdCtrl, vist med eit plussteikn ved sida av peikaren), vert biletet sett inn som eit objekt.
-
Viss du lagar ei hyperlenkje (drar medan du held nede Shift og CmdCtrl, vist med ei lenkjepil ved sida av peikaren), vert teikneobjektet byt ut med biletet frå galleriet, men plasseringa og storleiken på det fjerna teikneobjektet er uendra.