Dra og sleppe i datakjeldevisinga

Med dra og slepp kan du raskt kopiera frå ei datakjelde til eit tekstdokument eller eit rekneark eller laga skjema på grunnlag av ei datakjelde.

Kopiere data med musepeikaren

Kopiera med dra og slepp

Viss du angrar på at du har brukt dra og slepp, kan du setja markøren i dokumentet og velja Rediger → Angra.

Tipsikon

Du kan også bruka dra og slepp til å kopiera frå eit dokument til ei datakjelde:


Tipsikon

Ein teksttabell eller det merkte området i eit rekneark kan dragast ved å bruka dra og slepp til ein tabellhaldar i datakjeldeutforskaren.


Tipsikon

Du kan bruka dra og slepp til å kopiera rein tekst frå eit dokument til eit datafelt i datakjeldevisinga.


Bruka data i eit tekstdokument

Du kan setja inn eit databasefelt i eit tekstdokument ved å dra eit feltnamn frå kolonneoverskrifta i datakjeldevisinga til dokumentet. Dette er spesielt nyttig når du lagar standardbrev. Du kan ganske enkelt dra felta du vil bruka, for eksempel heimeadresse, tiltaleform og anna, inn i dokumentet.

Viss du vil setja inn ein heil post, kan du merkja den tilsvarande overskrifta og dra ho inn i dokumentet. Når du slepp opp museknappen, kjem dialogvindauget Set inn databasekolonnar fram. Her kan du velja om du vil bruka alle databasefelta og om du vil kopiera dataa til dokumentet som tekst, som ein tabell eller som felt. Alle postane du har merkt vert sette inn.

Leggja til data i eit tabelldokument

Du kan setja inn éin eller fleire postar i det gjeldande arket i eit rekneark ved å merkja radene i datakjeldevisinga og dra og sleppa dei i reknearket. Dataa vert sette inn der markøren er plassert når du slepp opp museknappen.

Setja inn kontrollelement i eit tekstskjema

Når du lagar eit tekstskjema som er lenkja til ein database, kan du laga kontrollelement ved å dra og sleppa frå datakjeldevisinga.

Når du dreg ein databasekolonne inn i eit tekstdokument, set du inn eit felt. Viss du trykkjer Shift + samstundes som du dreg, vert det sett inn eit tekstfelt gruppert med eit passande etikettfelt. Tekstfeltet inneheld databaseinformasjonen du treng for skjemaet.

Dra og sleppa i eit LibreOffice-dokument

Kopiera bilete mellom dokument

Kopiera reknearkområde til tekstdokument

Kopiera bilete frå galleriet

Leggja til bilete i galleriet