Lagra dokument

Dette ikonet er for tips om korleis du kan bruka programmet meir effektivt.

Dokumentet vert lagra i denne stien og med dette filnamnet på det gjeldande lagringsmediet som kan vera i datamaskinen, i eit nettverk eller på Internett. Viss det finst ei fil med det same namnet frå før, vert denne fila overskrive.

Når du lagrar ei ny fil for første gongen vert dialogvindauget Lagra som opna. Her kan du skriva inn filnamnet du vil bruka og velja mappa, stasjonen eller lagringsmediet der du vil lagra fila. Du kan også opna dette dialogvindauget ved å velja Fil → Lagra som.

Merknadsikon

Du kan velja å laga reservekopi automatisk under Last inn/Lagra → Generelt.


Automatisk filutviding til filnamnet

Når du lagrar ei fil vil LibreOffice alltid leggja til filetternamnet i filnamnet, unntatt når fila alt har eit namn som stemmer med filtypen. Sjå lista over ODF-filetternamn.

Tabellen viser nokre eksempel på automatiske filetternamn:

Du skriv inn dette filnamnet

Du vel denne filtypen

Fila vert lagra med dette namnet

mi fil

ODF-tekst

mi fil.odt

mi fil.odt

ODF-tekst

mi fil.odt

mi fil.txt

ODF-tekst

mi fil.txt.odt

mi fil.txt

Tekst (.txt)

mi fil.txt


Lagra som

Last inn/lagra → Generelt