Lagra dokument automatisk

Slik lagar du ein reservekopi av ei fil kvar gong du lagrar eit dokument

  1. Vel Last inn/lagra → Generelt.

  2. Merk av for Lag alltid ein reservekopi.

Viss du har vald Lag alltid ein reservekopi vert den gamle versjonen av fila lagra i mappa for tryggingskopiar kvar gong du lagrar den gjeldande versjonen av fila.

For å lagra gjenopprettingsinformasjon kvart n minutt

  1. Vel Last inn/lagra → Generelt.

  2. Merk av for Lagra gjenopprettingsinformasjon kvart og vel tidsintervallet du vil bruka.

Denne kommandoen lagrar informasjonen som krevst for å gjenoppretta det gjeldande dokumentet viss programmet krasjar. Viss eit program krasjar, vil LibreOffice også prøva å lagra gjenopprettingsinformasjon for alle opne dokument om det er mogleg.

Lagra som

Last inn/lagra → Generelt

Feilrapporteringsverktøy