Bruka digitale signaturar
Skaffa eit sertifikat
Du kan skaffa deg eit sertifikat frå ein sertifikatutskrivar. Om du vel ein offentleg institusjon eller eit privat firma, er det vanleg å måtte betala for sertifikatet for eksempel når dei bekreftar identiteten din. Det er også råd å få gratis sertifikat for eksempel frå CAcert, som er eit «Open Source Project» basert på den stadig meir populære og pålitelege modellen «Web of Trust».
Handtera sertifikata dine
Viss du brukar Linux, macOS eller Solaris, må du installere ein ny versjon av Thunderbird eller Firefox. LibreOffice vil då bruka dette sertifikatlageret.
Viss du har sett opp ulike profilar i Thunderbird eller Firefox og du ønskjer å bruka sertifikat frå ein bestemt brukarprofil, må du velja profilen i Verktøy → Innstillingar → Tryggleik → Sti til sertifikat. Du kan også setja miljøvariabelen MOZILLA_CERTIFICATE_FOLDER til å peika på mappa som indeheld profilen.
-
Opna innstillingane for nettlesaren og vel Avansert. Klikk på fana Sertifikat og vel Vis setifikat for å opna Sertifikathandsamaren.
-
Importer det nye rotsertifikatet ditt. Merk sertifikatet og rediger det. Aktiver rotsertifikatet til å vera tiltrudd for nett- og e-post-tilgang. Dette sikrar at sertifikatet kan signera dokumenta dine. Du kan redigera kva mellomsertifikat som helst på same måten, men dette er ikkje eit krav for å signera dokument.
-
Start LibreOffice på nytt når du har redigert dei nye sertifikata.
På Windows-system vil LibreOffice få tilgang til system-sertifikatlageret.
Den private nøkkelen din til den digitale signaturen vert til vanleg generert og lagra trygt av Windows som ein del av prosessen for signaturleveringa. Først når sertifikatutferdaren er sikker på at datamaskinen har laga den private nøkkelen din og du har oppfylt alle identifiseringskrava, vert den tilsvarande offentlege nøkkelen underskrive av sertifikatutferdaren. Private digitale signaturar henta over Internett vert generert i nettlesaren og vert ikkje delt med sertifikatutferdaren.
Dersom ein privat nøkkel er motteke på ein annan måte eller du har kopiert han frå ein annan datamaskin, kan du installera han på ein Windows-maskin ved å dobbeltklikka på det private nøkkkelsertifikatet og skriva inn eit nødvendig passord. Denne private nøkkelen kan vera kjend av andre, som for eksempel organisatorisk eller offentleg tryggingsadministrasjon, avhengig av korleis du fekk han.
Offentlege nøklar frå andre brukte til å verifisere digitale signaturar på dokument eller til å kryptere dokument berre til dei, vert til vanleg lagra i systemet ditt saman med administrasjonsprogram til digitale signaturer. I nokre tilfelle må du sjølv administrere desse offentlege nøklesertifikata.
Den almenne handsaminga av offentlege og private nøklar på PC-en vil variera avhengig av kva Windows-verdjon du brukar. Du kan finna meir informasjon ved å bruka «Hjelp og støtte» for den Windows-versjonen du brukar og søkja på «digitale signaturar».
Signera eit dokument
-
Vel Fil → Digitale signaturar → Digitale signaturar
-
Ein meldingsboks rår deg til å lagra dokumentet. Trykk Ja for å lagra dokumentet.
-
Når du har lagra dokumentet vert dialogvindauget Digitale signaturar opna. Trykk på Legg til for å leggja til ein offentleg nøkkel i dokumentet.
-
Merk sertifikatet ditt i dialogvindauget Vel sertifikat og trykk på OK.
-
Dialogvindauget for digitale signaturar vert opna igjen. Her kan du leggja til fleire sertifikat om du ønskjer det. Klikk OK for å leggja den offentlege nøkkelen til den lagra fila.
Eit signert dokument viser symbolet på statuslinja. Du kan dobbelklikka på dette ikonet om du vil sjå nærare på sertifikatet.
Resultatet av signaturvalideringa vert vist i statuslinja og i dialogvindauget for digital signatur. Eit ODF-dokument kan innehalda fleire dokument- og makrosignaturar. Om éin av signaturane ikkje vert godkjend, vil ingen av signaturane verta godkjende. Dette betyr at dersom eit dokument inneheld ti gyldige signaturar og éin ugyldig signatur, vil statuslinja og statusfeltet i dialogvindauget visa at signaturane er ugyldige.
Signering av makroane i eit dokument
Normalt er makroar er del av eit dokument. Viss du signerer eit dokument, vert makroane i dokumentet automatisk signerte. Viss du vil berre signera makroane og ikkje dokumentet, gjer du slik:
-
Vel Verktøy → Makroar → Digital signatur
-
Legg til signaturen slik som omtalt ovanfor for dokument.
Når du opnar Basic-IDE-en som inneheld signerte makroar, kjem det opp eit ikon på statuslinja. Du kan dobbelklikka på dette ikonet om du vil sjå nærare på sertifikatet.