Opna eit dokument ved bruk av WebDAV over HTTPS

I LibreOffice kan du opna og lagra dokument som er plassert på ein WebDAV-tenar ved å bruka den sikre HTTPS-protokollen.

Du må bruka LibreOffice-fildialogen for å bruka WebDAV over HTTPS.

  1. Vel LibreOffice → Generelt. Sjå etter at det er merkt av for Bruk dialogvindauga til LibreOffice. Tykk OK for å lukka vindauget.

  2. Vel Fil → Opna.

  3. Skriv inn stien til WebDAV-mappa i boksen Filnamn. Skriv for eksempel https://192.168.1.1/vevmappe for å opna ei sikker kopling til WebDAV-tenaren på IP-adressa 192.168.1.1 og for å visa innhaldet i vevmappe.

  4. Første gongen du koplar deg til ein WebDAV-tenar ser du dialogvindauget«Nettstaden er sertifisert av ein ukjend utskrivar».

    Du bør klikka på knappen Undersøk sertifikat og kontrollera sertifikatet.

    Viss du godkjenner sertifikatet, vel «Godta dette sertifikatet mellombels for denne økta» og klikk OK. Nå kan du opna og lagre filer frå WebDAV-tenaren utan fleire spørsmål, til du avsluttar LibreOffice.

    Viss du ikkje stolar på sertifikatet, klikk på Avbryt.

  5. Viss du godtar sertifikatet, kan du merkja filnamnet eller filnamna du vil opna og klikka på Opna.

Viss det ikkje er samsvar mellom domenenamnet i sertifikatet og det domenenamnet du skreiv inn, vil det koma opp eit dialogvindauge der du kan velja éin av desse:

Vis sertifikat - Opnar dialogvindauget «Vis sertifikat».

Hald fram - Viss du er sikker på at begge domena er identiske, klikk på «Hald fram».

Avbryt tilkoplinga - Avbryt tilkoplinga.

Viss du klikkar Hald fram, kan det henda at det kjem fram eit dialogvindauge som bed deg om å skriva inn brukarnamnet og passordet ditt.