Laga rapportar
Ein rapport er eit Writer-tekstdokument som kan visa data i ei ordna rekkjefølgje og formatering. I LibreOffice Base har du valet mellom å laga ein rapport manuelt ved bruk av dra og slepp i rapportbyggjar-vindauget eller halvautomatisk ved å følgja ein serie med dialogvindauge i rapportvegvisaren.
Denne lista inneheld informasjon du kan bruka for å bestemma kva metode du bør bruka for dataa dine:
Rapportbyggjar |
Rapportvegvisar |
Starta med kommandoen «Lag rapport i utformingsvising». |
Starta med «Lag rapport med rapportvegvisar». |
Full fleksibilitet med omsyn til å bruka rapporttopptekstar og rapportbotntekstar, sidetopptekstar og sidebotntekstar og rapportar med fleire spalter. |
Bruker ein Writer-mal for å laga eit rapportdokument. |
Bruk dra og slepp for å plassera datapostfelt eller andre utformingselement som bilete eller linjer. |
Ordna datapostane gjennom å velja mellom fleire moglege forslag. |
Lagar eit augneblinksbilete av dataa. Ønskjer du å sjå ein oppdatert rapport, køyr den same rapporten igjen for å laga eit nytt Writer-dokument med den nye informasjonen. |
Du kan velja å laga eit statisk bilete med faste data eller ein dynamisk rapport med lenkjer til dei gjeldande dataa som vert oppdaterte når databasen vert opna. |
Lagrar rapporten som eit Writer-tekstdokument med informasjon om korleis rapporten kan lagast i databasen. |
Lagrar rapporten og informasjonen om korleis rapporten kan lagast i Base-fila. |
Vel «Opna» i sprettoppmenyen eller dobbeltklikk på rapportnamnet for å laga ein ny rapport med dei gjeldande dataa. |
Vel «Opna» i sprettoppmenyen eller dobbeltklikk på rapportnamnet for anten å sjå det statiske augneblinksbiletet eller for å laga ein ny rapport med dei gjeldande dataa. Dette er avhengig av vala du har gjort på den siste sida i vegvisaren. |
Vel «Rediger» i sprettoppmenyen for eit rapportnamn for å opna rapportbyggjar-vindauget med rapportinformasjonen lasta inn. |
Vel «Rediger» i sprettoppmenyen for eit rapportnamn for å redigera Writer-malfila som vart brukt til å laga rapporten. |
Laga ein ny rapport manuelt i utformingsvising
-
Opna databasefila som du vil laga den nye rapporten i.
-
Trykk på Rapportar i det venstre feltet i databasevindauget.
-
Klikk på Lag rapport i utformingsvising.
-
Følj instruksjonane i vegvisaren Rapportbyggjar.
Laga ein ny rapport med rapportvegvisaren
-
Opna databasefila som du vil laga den nye rapporten i.
-
Trykk på Rapportar i det venstre feltet i databasevindauget.
-
Trykk på Lag rapport med vegvisar.
-
Følj stega i rapportvegvisaren for å laga rapporten.