Bruka og redigera databaserapportar
Bruka ein rapport
LibreOffice lagrar informasjon om rapportane som er laga i databasefila.
-
Vel Fil → Opna og merk databasefila.
-
Trykk på Rapportar i det venstre feltet i databasevindauget.
-
Dobbeltklikk på namnet til ein av rapportane for å opna han.
Desse referansane vert oppretta automatisk når du lagar ein ny rapport med rapportvegvisaren eller rapportutforminga.
Redigera ein rapport laga i rapportbyggjar-vindauget
-
Høgreklikk på namnet til ein av rapportane i databasefilvindauget og vel Rediger.
Rapportbyggjar-vindauget vert opna med rapportinformasjonen lasta inn.
Bruk verktøylinjene og menykommandoane og dra og slepp for å redigera rapporten som omtalt i vegvisaren for rapportbyggjaren.
Køyr rapporten for å sjå rapportdokumentet.
Slik redigerer du ein rapport laga med rapportvegvisaren
-
På den siste dialogsida i rapportvegvisaren kan du velja å redigera rapportmalen før du bruker rapporten.
Du kan redigera sidestilane for den første sida og dei følgjande sidene av rapporten, i tillegg til avsnittstilar, talformat, dei utskrivne feltetikettane med meir.
Du bør ikkje redigera SQL-setninga, databasenamnet, dei gøymde formelarkontrolelementa eller tilsvarande informasjon om rapporten utan at du har god kunnskap om databasar og rapportar.