Registrera og sletta ein database
Data frå kva databasefil som helst kan registrerast i LibreOffice. Å registrera ein database betyr at du fortel LibreOffice kvar dataa er plasserte, korleis dei er organiserte, korleis dei kan hentast og så vidare. Når databasen er registrert, kan du bruka Vis → Datakjelde i menyen for å få tilgang til datapostane frå tekstdokument og rekneark.
Slik registrerer du ei eksisterande databasefil:
-
Vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Base → Databasar.
-
Trykk på Ny og merk databasefila.
Fjerna ein registrert database frå LibreOffice
-
Vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Base → Databasar
-
Merk databasefila og trykk på Slett.