Importera og eksportera data i Base
Ein enkel metode du kan bruka til å importera og eksportera databasetabellar, er å bruka Calc som eit «hjelpeprogram».
Eksportera data frå Base
Kopier ein tabell frå Base til eit nytt ark i Calc. Deretter kan du lagra eller eksportera dataa til eit filformat som Calc støttar.
-
Opna databasefila som inneheld databasetabellen du vil eksportera. Trykk på Tabellar for å visa tabellane eller trykk på Spørjingar for å visa spørjingane.
-
Vel Fil → Ny → Rekneark.
-
Høgreklikk på namnet til tabellen du vil eksportera i Base-vindauget. Vel Kopier i sprettoppmenyen.
-
Klikk i celle A1 i det nye Calc-vindauget og vel Rediger → Lim inn.
Nå kan du lagra eller eksportera dataa til mange ulike filtypar.
Importera data til Base
Du kan importera tekstfiler, reknearkfiler og systemadresseboka berre i skriveverna modus.
Når du importerer frå ei tekstfil eller ei reknearkfil, må den første rada i fila innehalda overskriftsinformasjon. Den andre rada i fila er den første gyldige datarada. Formatet til kvart felt i den andre rada bestemmer formatet for heile kolonnen. All formatinformasjon i reknearkfila forsvinn ved import til Base.
Viss du for eksempel vil vera sikker på at den første kolonnen har tekstformat, bør du syta for at det første feltet i den første gyldige datarada inneheld tekst. Viss eit felt i den første gyldige datarada inneheld eit tal, får heile kolonnen talformat slik at berre tal vert viste i denne kolonnen, men ingen tekst.
-
Opna ei Base-fil med databasetypen du vil bruka.
Du kan anten laga ei ny fil i Base ved hjelp av databasevegvisaren, eller du kan opna ei eksisterande Base-fil som ikkje er skriveverna.
-
Opna Calc-fila som inneheld dataa som skal importerast til Base. Du kan opna ei *.dbf dBASE-fil eller mange andre filtypar.
-
Merk dataa som skal kopierast til Base.
Du kan skriva inn eit område som A1:X500 i namnefeltet viss du ikkje vil rulle i fila.
Viss du kopierer eit dBASE-ark, ta med den øvste rada som inneheld overskriftsdataa.
-
Vel Rediger → Kopier.
-
Trykk på Tabellar i Base-vindauget for å visa tabellane.
-
Vel Rediger → Lim inn i vindauget i Base.
-
Dialogvindauget for å kopiera tabellar vert vist. Dei fleste databasane treng ein primærnøkkel, så du må kanskje kryssa av i boksen Lag primærnøkkel.
I Windows-system kan du også bruka dra og slepp i staden for kopiering og innliming. For registrerte databasar kan du også opna datakjeldelesaren (ved å trykke på CmdCtrl + Shift + F4) i staden for å opna Base-vindauget.