Registrera ei adressebok

I LibreOffice kan du registrera ulike datakjelder. Då vert innhaldet i datafelta tilgjengeleg for bruk i ulike felt og kontrollelement. Systemadresseboka er ei slik datakjelde.

Malar og vegvisarar i LibreOffice bruker felt som innhald i adresseboka. Når dei er slått på, vert dei generelle felta i malane automatisk erstatta med adresseboka sine felt.

For at ei slik byting skal skje, må du velja kva adressebok du vil at LibreOffice skal bruka. Vegvisaren som spør om disse opplysingane vert vist automatisk første gongen du slår på ein mal, for eksempel ein mal for eit forretningsbrev. Du kan også starta vegvisaren ved å gå gjennom stega nedanfor.

Merknadsikon

Adressebokdataa er skriveverna i LibreOffice Base. Du kan ikkje leggja til, redigera eller sletta adressedata når du bruker Base.


Kjelde for adressedata

Du kan bruka vegvisaren Kjelde for adressedata ved å velja Fil → Vegvisar → Kjelde for adressedata.

Registrera ei eksisterande adressebok manuelt

  1. Vel Verktøy → Kjelde for adressebok for å opna dialogvindauget Malar: Adresseboktilknyting.

  2. I kombinasjonsboksen Datakjelde vel du systemadresseboka eller datakjelda du vil bruka som adressebok.

  3. Viss du ikkje har registrert systemadresseboka i LibreOffice som datakjelde, klikk på knappen Adressedatakjelder … som vil opna dialogvindauget Vegvisar for datakjelde til adressebok der du kan registrera adresseboka som ei ny datakjelde i LibreOffice.

  4. Vel databasetabellen du vi bruka som adressebok i kombinasjonsboksen Tabell.

  5. Under Tildeling av felt tilpassar du felta for fornamn, firma, avdeling og så vidare, slik at dei stemmer med feltnamna som er brukte i adresseboka.

  6. Når du er ferdig, lukker du dialogvindauget ved å trykka på OK.

Nå er datakjelda registrert som adressebok i LibreOffice. Viss du nå opnar ein mal i kategorien Forretningskorrespondanse, kan LibreOffice automatisk setja inn dei rette felta for eit fletta brev.