Redigera diagramtitlar

Slik redigerer du ein diagramtittel du har sett inn i eit LibreOffice-dokument:

  1. Dobbeltklikk på diagrammet.

    Det kjem fram ein grå kant rundt diagrammet og menylinja vil nå innehalda kommandoar du kan bruka for å redigera objekta i diagrammet.

  2. Dobbeltklikk på ein eksisterande titteltekst. Det kjem då fram ein grå kant rundt teksten for å visa at du nå kan redigera teksten. Trykk Enter for å gå til ny linje.

    Finst det ingen titteltekst frå før, vel du Set inn → Tittel for å skriva inn tekst i dialogvindauget.

  3. Du kan flytta tittelen ved å klikka på han og dra han med musa dit du ønskjer.

  4. Viss du vil endra formateringa til hovudtittelen, vel du Format → Tittel → Hovudtittel. Dette vil opna dialogvindauget Overskrift.

  5. Vel ei av fanene i dialogvindauget for å gjera endringane.

  6. Trykk OK. Trykk i dokumentet utføre diagrammet for å avslutta diagramredigeringstilstanden.