Redigera diagramforklaringar

Slik redigerar du ei diagramforklaring:

  1. Dobbeltklikk på diagrammet.

    Det kjem fram ein grå kant rundt diagrammet og menylinja vil nå innehalda kommandoar du kan bruka for å redigera objekta i diagrammet.

  2. Vel Format → Forklaring eller dobbeltklikk på forklaringa for å opna dialogvindauget Forklaring.

  3. Bruk fanene i dialogvindauget for å gjera endringane og trykk deretter OK.

Merknadsikon

Skal du merkja forklaringa, dobbeltklikkar du først på diagrammet (sjå steg 1), deretter klikkar du på forklaringa. Nå kan du bruka musa til å flytta forklaringa til ein annan stad i diagrammet.