Setja inn diagram
Du kan setja inn diagram på fleire måtar:
-
Setja inn eit diagram som er basert på data frå celler i Calc eller Writer.
Desse diagramma vert oppdaterte automatisk når kjeldedataa vert endra.
-
Set inn eit diagram med eit standard datasett og bruk deretter dialogvindauget «Datatabell» for å skriva inn dine eigne data for dette diagrammet.
Du kan lage desse diagramma i både Writer, Impress og Draw.
-
Kopier eit diagram frå Calc eller Writer til eit anna dokument.
Desse diagramma viser dataa slik dei var då dei vart kopierte. Dei vert ikkje endra når kjeldedataa vert endra.
I Calc er eit diagram eit objekt på eit ark og kan kopierast og setjast inn på eit anna ark i det same dokumentet. Dataserien vert framleis lenkja til området på det andre arket. Viss det vert kopiert til eit anna Calc-dokument, vil det få sin eigen datatabell, og er ikkje lenkja til det opphavlege området.
Diagram i eit rekneark i Calc
-
Klikk inne i eit celleområde som du vil visa i diagrammet.
-
Trykk på symbolet Diagram i standardverktøylinja.
Du vil sjå ei førehandsvising av diagrammet og diagramvegvisaren.
-
Følj instruksjonane i diagramvegvisaren for å laga diagrammet.
Diagram i eit tekstdokument i Writer
I eit Writer-dokument kan du setja inn eit diagram som er basert på verdiane i ein tabell i Writer.
-
Klikk inne i tabellen i Writer.
-
Vel Set inn → Diagram.
Du vil få opp ei førehandsvising av diagrammet, og diagramvegvisaren.
-
Følj instruksjonane i diagramvegvisaren for å laga diagrammet.
Diagram basert på eigne verdiar
-
I Writer, Draw og Impress brukar du Set inn → Diagram for å setja inn eit diagram basert på standarddata.
-
Du kan endra standarddataverdiane ved å dobbeltklikka på diagrammet og velja Vis → Diagramdatatabell.