Leggja til tekstur på diagramsøyler
Du kan leggja til overflate på søylene i ein graf eller eit diagram (i staden for standardfargar) med punktbilete:
-
Dobbeltklikk på diagrammet for å gå til redigeringstilstand.
-
Klikk på ei av søylene i den serien som skal redigerast. Alle søylene i denne serien vert merkte.
Viss du vil redigera berre éin av søylene, dobbeltklikk på søylen igjen.
-
Vel Objekteigenskapar i sprettoppmenyen og gå til fana Område.
-
Vel Punktbilete. Merk biletet du vil bruka som overflate på dei valde søylene. Klikk OK for å bruka innstillinga.