Gje ny tittel til eit dokument

Du kan gje ein tittel for dokumentet. Nokre filhandsamarar kan visa titlar ved sida av filnamnet til dokumenta.

Endra tittelen til det gjeldande dokumentet

  1. Vel Fil → Eigenskapar for å opna dialogvindauget for dokumenteigenskapane.

  2. Vel fana Skildring.

  3. Skriv inn den nye tittelen i feltet Tittel og trykk OK.