Setja inn linjeskift i celler

Setja inn linjeskift i celler i LibreOffice Calc-rekneark

  1. For å setja inn eit linjeskift i ei reknearkcelle, klikk i cella og deretter på « + Enter».

    Dette verkar berre når skrivemerket for tekstredigering er inne i cella, ikkje i inndatalinja. Dobbeltklikk i cella og deretter enkeltklikk på staden i teksten der du vil setja inn linjeskift.

Merknadsikon

Du kan søkja etter teiknet for ny linje (\n) på vanleg måte i dialogvindauget «Søk og byt ut». Du kan bruka funksjonen CHAR(10) for å setja inn eit linjeskift i ein tekstformel.


Formatera LibreOffice Calc-celler for automatisk linjeskift

  1. Merk cellene som skal ha automatisk linjeskift.

  2. Vel Format → Celler → Justering.

  3. Merk av for Bryt tekst automatisk.

Setja inn linjeskift i tabellar i LibreOffice Writer-tekstdokumenter

  1. I eit tekstdokument kan du setja inn eit linjeskift i ei celle ved å trykkja Enter.

Når du skriv inn ein tekst som går over slutten på kvar celle, vert det dett inn eit linjeskift automatisk.