Laga kantlinjer for avsnitt

Angje ein innebygd kantlinjestil

  1. Sett skrivemerket i avsnittet som du vil definera ei kantlinje for.

  2. Vel Format → Avsnitt → Kantlinjer.

  3. Vel ein av standardstilane for kantlinjer i området Standard.

  4. Vel linjestil, breidd og farge for den valde kantlinjestilen i Linje. Desse innstillingane vert brukte på alle kantlinjene som er med i den valde kantlinjestilen.

  5. Vel avstanden mellom kantlinjene og innhaldet i avsnittet i Avstand til innhaldet. Du kan berre endra avstanden til kantar som har ei kantlinje.

  6. Trykk på OK for å bruka endringane.

Innstillingar for ein brukardefinert kantlinjestil

  1. Vel Format → Avsnitt → Kantlinjer.

  2. Vel kanten eller kantane du vil bruka i eit vanleg oppsett i området Brukardefinert. Klikk på ein av kantane i førehandsvisingea for å slå av eller på valet av linja.

  3. Vel ein linjestil, breidde og ein farge for den valde kantlinjestilen i Linje. Desse innstillingane vert brukte på alle kantlinjene som høyrer til den valde kantstilen.

  4. Gjenta dei to siste punkta for kvar kantlinje.

  5. Vel avstanden mellom kantlinjene og innhaldet i avsnittet i Avstand til innhaldet. Du kan berre endra avstanden til kantar som har ei kantlinje.

  6. Trykk på OK for å bruka endringane.