Slå av automatisk nettadresse-gjenkjenning

Når du skriv inn tekst, kjenner LibreOffice automatisk igjen ord som kan vera ei nettadresse og byter ut ordet med ei hyperlenkje. LibreOffice formaterer hyperlenkja med direkte skriftattributt (farge og understreking). Skriftattributta vert henta frå teiknsettet.

Viss du ikkje vil at LibreOffice skal kjenna igjen nettadresser automatisk når du skriv dei inn, kan du slå av denne funksjonen på fleire måtar.

Angra nettadresse-gjenkjenning

  1. Når du skriv inn tekst og legg merkje til at han er gjort om til ei hyperlenkje, kan du trykkja + Z for å angra denne formateringa.

  2. Vel ei linje som vart oppretta ved at to eller fleire linjer vart kopla saman, opna sprettoppmenyen og vel Kopla frå.

Slå av nettadresse-gjenkjenning

  1. Opna eit dokument som du vil endra nettadresse-gjenkjenninga for.

    Viss du vil endra nettadresse-gjenkjenning i tekstdokument, opnar du eit tekstdokument.

  2. Vel Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting.

  3. I dialogvindauget Autoretting vel du fana Val.

  4. Viss du vel bort Nettadresse-gjenkjenning, vert ord ikkje lenger automatisk erstatta med hyperlenkjer.

    I LibreOffice Writer er det to avkryssingsbokser framføre Nettadresse-gjenkjenning. Boksen i den første kolonnen er for etterredigering og den andre gjeld autoretting medan du skriv.