Fontwork

Verktøylinja for Fontwork vert opna når du vel eit Fontworkobjekt.

Fontwork-galleri

Opnar Fontworkgalleriet der du kan velja ei anna førehandsvising. Trykk «OK» for å bruka dei nye eigenskapane på Fontworkobjektet.

Skriftform

Opnar verktøylinja for Fontwork. Trykk på ei form for å bruka denne på alle dei valde Fontworkobjekta.

Fontwork, lik bokstavhøgd

Endrar bokstavhøgda på alle dei valde Fontworkobjekta frå normal til same høgd for alle objekta.

Fontwork, justering

Opnar dialogvindauget for justering av Fontwork.

Trykk for å bruka justeringa på dei valde Fontworkobjekta.

Fontwork, mellomrom mellom teikn

Opnar dialogvindauget for mellomrom mellom teikn i Fontwork.

Trykk for å bruka mellomrommet mellom teikna i dei valde Fontworksobjekta.

Tilpassa

Opnar dialogvindauget for mellomrom mellom teikna i Fontwork. Der kan du skriva inn ein verdi for mellomrom.

Verdi

Skriv inn verdien for mellomrommet mellom teikna.

Knip teiknpar

Slår kniping av teiknpar på eller av.