Tabellvegvisar → Lag tabell

Skriv inn eit tabellnamn og angje om du vil forandra tabellen når vegvisaren er ferdig.

Tabellnamn

Angjev tabellnamnet.

Katalogen til tabellen

Vel katalogen for tabellen. (Dette valet er berre tilgjengeleg viss databasen støttar katalogar).

Skjemaet til tabellen

Vel skjemaet for tabellen. (Dette valet er berre tilgjengeleg viss databasen støttar skjema).

Endra tabellutforminga

Vel for å lagra og endra tabellutforminga.

Set inn data med ein gong

Vel for å lagra tabellutforminga og opna tabellen for å skriva inn data.

Lag eit skjema basert på denne tabellen

Kryss av for å laga eit skjema basert på denne tabellen. Skjemaet vert laga i eit tekstdokument med dei sist brukte innstillingane i skjemavegvisaren.

Tabellvegvisar