Tabellvegvisar → Angje primærnøkkel

Angjev eit felt i tabellen som skal brukast som ein primærnøkkel.

Lag ein primærnøkkel

Kryss av for å laga ein primærnøkkel. Dette legg til ein primærnøkkel til kvar databasetabell for å eintydig kunne identifisere kvar post. For nokre databasesystem i LibreOffice er ein primærnøkkel nødvendig for å redigera tabellane.

Legg automatisk til ein primærnøkkel

Kryss av for å leggja til ein primærnøkkel automatisk som eit ekstra felt.

Bruk eit eksisterande felt som primærnøkkel

Vel for å bruka eit eksisterande felt med unike verdiar som primærnøkkel.

Filnamn

Vel feltnamnet.

Autoverdi

Vel for å setja inn ein verdi automatisk og auka feltverdien for alle nye postar. Databasen må ha støtte for automatisk auke for å bruka funksjonen Autoverdi.

Definerer primærnøkkel ut frå fleire felt

Vel for å laga ein primærnøkkel frå ein kombinasjon av fleire eksisterande felt.

Tilgjengelege felt

Merk eit felt og trykk «>» for å leggja det til i primærnøkkelfeltlista.

>

Trykk for å flytta dei valde felta til boksen pila peikar på.

<

Trykk for å flytta dei valde felta til boksen pila peikar på.

Primærnøkkelfelt

Merk eit felt og klikk «<» for å fjerna det frå primærnøkkelfeltlista. Primærnøkkelen vert laga frå ei samanslåing av felta i lista, ovanfrå og nedover.

Tabellvegvisar → Lag tabell