Rapportbyggjaren

Rapportbyggjaren er eit verktøy for å laga dine eigne databaserapportar. I motsetnad til Rapportvegvisaren, kan du ved hjelp av rapportbyggjaren laga rapporten slik du vil ha han. Den genererte rapporten er eit Writer-dokument som også kan redigerast.

Merknadsikon

For å kunne bruka rapportbyggjaren må denne utvidinga vera installert. I tillegg må også JRE (Java Runtime Environment) vera installert og merkt i LibreOffice.


Slik installerer du JRE-programvaren

Rapportbyggjaren krev at Java Runtime Environment (JRE) er installert.

  1. Vel → LibreOffice→ Avansert.

  2. Vent opp til eitt minutt medan LibreOffice samlar informasjon om den installerte Java-programvaren på systemet ditt.

    Viss ein nyare JRE-versjon er funnen i datamaskinen, vil du sjå ei oppføring i lista.

  3. Klikk knappen for innstillingar framføre oppføringa for å slå på denne JRE-versjonen for bruk i LibreOffice.

  4. Pass på at Bruk eit Java-køyremiljø er slått på.

Viss det ikkje finst ein JRE-versjon på datamaskinen, opna nettlesaren og last ned JRE-programvaren frå http://www.java.com. Installer JRE-programmet. Start LibreOffice på nytt og opna → LibreOffice → Avansert igjen.

Slik opnar du rapportbyggjaren

  1. Opna ei Base-fil eller lag ein ny database. Databasen må innehalda minst éin tabell med minst eitt datafelt og eit primærnøkkelfelt.

  2. Klikk på ikonet «Rapporter» i vindauget til Base og vel «Lag rapport» i uformingsvisinga.

    Vindauget med rapportbyggjaren vert opna.

Rapportbyggjaren er delt inn i tre delar. Øvst finn du menyen med verktøylinjene nedanfor.

Til høgre er vindauget med eigenskapar for det merkte objektet.

Den venstre delen av rapportbyggjaren er visingsdelen. Denne er i førstninga delt i tre delar, ovanfrå og nedover:

  1. Sideoverskrift - dra kontrollelementfelt med fast tekst til området for sideoverskrift.

  2. Detalj - dra og slepp databasefelta inn i detaljområdet.

  3. Botntekst - dra og slepp kontrollelementfelt med fast tekst inn i området for botnteksten.

For å setja inn ei rapportoverskrift til og eit rapportavslutning-område, vel Rediger → Set inn rapportoverskrift/avslutning. Desse områda inneheld teksten som vert vist i byrjinga og slutten av heile rapporten.

Klikk ikonet «-» framføre eit områdenamn for å komprimera det til ei linje i visinga for rapportbyggjaren. Ikonet «-» vert endra til «+», og du kan klikka dette teiknet for å utvida området igjen.

Du kan setja inn databasefelt med dra og slepp i detalj-området. Sjå bolken «Setja inn felt i rapporten» under.

I tillegg kan du klikka etikettfeltet eller tekstboksikonet i verktøylinja og så dra eit rektangel i området for topp- eller botnteksten for å lage ein tekst som er den same på alle sidene. Skriv inn teksten i «Etikettboksen» til det tilhøyrande eigenskapsvindauget. Du kan også leggja til grafikk ved å bruka ikonet «Grafikk».

Slik koplar du rapporten til ein databasetabell

  1. Flytt musa til eigenskapsvisinga. Du ser to faner: «Generelt» og «Data».

  2. Klikk «Innhald» på fana «Data» for å opna kombinasjonsboksen.

  3. Vel tabellen som skal brukast for å laga rapporten.

  4. Når du har markert tabellen, trykk tabulatortasten for å lukka innhaldsvindauget.

Vindauget «Legg til felt» vert opna automatisk og viser alle felta i den valde tabellen.

Slik set du inn felt i rapporten

Vindauget «Legg til felt» hjelper deg med å setja inn tabellpostane i rapporten. Klikk på ikonet «Legg til felt» i verktøylinja for å opna vindauget «Legg til felt».

  1. Dra og slepp feltnamna eitt etter eitt frå vindauget «Legg til felt» i området «Detalj» i rapporten. Plasser felta slik du ønskjer. Bruk ikona i verktøylinja for å justera felta.

    Det er ikkje mogleg å overlappa felta. Viss du slepp eit tabellfelt på detalj-området, vert det sett inn ein etikett og ein tekstboks.

  2. Du kan også setja inn tekst som skal vera den same på alle sidene i rapporten. Klikk på ikonet «Etikettfelt»Ikon og dra eit rektangel i området for topptekst eller botntekst. Rediger eigenskapane for etiketten slik at han viser den ønskte teksten.

Når du har sett inn felt i detalj-visinga, er rapporten klar for køyring.

Slik køyrer du ein rapport

  1. Klikk på ikonet «Køyr rapport» Icon på verktøylinja.

Det vert opna eit Writer-dokument som viser rapporten du har laga med alle verdiane i databasetabellane du har sett inn.

Viss innhaldet i databasen er endra, køyr rapporten igjen for å oppdatera han.

Slik redigerer du ein rapport

Først må du bestemma om du vil redigera den genererte rapporten, som er eit fast Writer-dokument, eller om du vil redigera visinga til rapportbyggjaren og laga ein ny rapport basert på den nye utforminga.

Writer-dokumentet er opna skriveverna. For å redigera dokumentet, trykk på Rediger dokument på informasjonslinja eller bruk Rediger → Redigeringsmodus.

Viss du vil redigera visinga av rapportbyggjaren, kan du endra nokre av eigenskapane for denne.

Klikk i detalj-området. Klikk så vindauget «Eigenskapar» og endra nokre av eigenskapane, for eksempel bakgrunnsfargen.

Når du er ferdig, klikk på symbolet «Køyr rapport» Ikon for å laga ein ny rapport.

Viss du lukkar rapportbyggjaren, vert du spurd om rapporten skal lagrast. Klikk på «Ja», skriv inn eit namn på rapporten og klikk «OK».

Sortera rapporten

Utan sortering eller gruppering vert postane sette inn i rapporten i den rekkjefølgja dei vart henta ut frå databasen.

  1. Opna rapportbyggjarvisinga og klikk på symbolet «Sortering og gruppering» Ikon på verktøylinja for å få opp dialogvindauget Sortering og gruppering.

  2. I gruppeboksen klikkar du på feltet som du vil ha som det første sorteringsfeltet og set eigenskapane for sortering.

  3. Køyr rapporten

Gruppering

  1. Opna rapportbyggjarvisinga og klikk på symbolet «Sortering og gruppering» Ikon på verktøylinja for å få opp dialogvindauget Sortering og gruppering.

  2. Opna listeboksen med gruppeoverskrifter i gruppeboksen og vel å vise ei gruppeoverskrift.

  3. Klikk på ikonet «Legg til felt» Icon for å opna vindauget «Legg til felt».

  4. Dra og slepp feltoppføringa som du ønskjer å gruppera i gruppeoverskriftseksjonen. Dra og slepp deretter dei resterande felta i detalj-området.

  5. Køyr rapporten. Rapporten viser dei grupperte postane.

Viss du vil sortera og gruppera opnar du visinga for rapportbyggjaren og opnar der dialogvindauget «Sortering og gruppering». Vel å visa «Gruppeoverskrift for felta» som du vil gruppera og vel å gøyma gruppeoverskrifta for feltet som du vil sortera. Lukk vindauget «Sortering og gruppering» og køyr rapporten.

Oppdater og skriv ut dataa dine

Når du set inn nye data eller redigerer data i tabellen, vil ein ny rapport visa dei oppdaterte dataa.

Klikk på ikonet «Rapportar»Icon og dobbeltklikk på den sist lagra rapporten. Det vert då laga eit nytt Writer-dokument som viser dei nye dataa.

For å skriva ut ein rapport, vel Fil → Skriv ut frå Writer-dokumentet.