Spørjingsvegvisar

Vegvisaren for spørjingar hjelper deg med å utforme ei databasespørjing. Spørjingar som er lagra kan verta brukte igjen seinare, anten via det grafiske brukargrensesnittet eller som ein automatisk oppretta SQL-kommando.

Spørjingsvegvisar → Feltval

Angjev tabellen som spørjinga skal lagast for, og dei felta du vil ta med i spørjinga.

Spørjingsvegvisar→ Sorteringsrekkjefølgje

Bestemmer sorteringsrekkjefølgja for datapostane i spørjinga.

Spørjingsvegvisar → Søkjevilkår

Angjev søkjevilkåra for filtrering av spørjinga.

Spørjingsvegvisar → Detaljar eller oppsummering

Angjev om alle datapostane for spørjinga skal visast eller berre resultata av resultatmengdefunksjonane.

Denne sida vert berre vist når det er numeriske felt i spørjinga som tillet bruken av resultatmengdefunksjonar.

Spørjingsvegvisar → Gruppering

Visar om spørjinga kan grupperast. Datakjelda må ha støtte for SQL-syntaksen «Group by clauses» for å ta i bruk denne sida i vegvisaren.

Spørjingsvegvisar → Grupperingsvilkår

Visar om spørjinga kan grupperast. Datakjelda må ha støtte for SQL-syntaksen «Group by clauses» for å ta i bruk denne sida i vegvisaren.

Spørjingsvegvisar → Alias

Tildeler alias til feltnamn. Aliasa er valfrie og kan gje meir brukarvenlege namn, som vert viste i staden for feltnamn. Du kan også bruka alias når felt frå ulike tabellar har det same namnet.

Spørjingsvegvisar → Oversikt

Skriv inn eit namn til spørjinga og angje om du vil visa eller redigera spørjinga etter at vegvisaren er ferdig.

Tilbake

Vis vala du gjorde i dialogboksen i førre steg. Innstillingane på dette steget bvert ikkje endra. Denne knappen kan berre brukast frå og med side to.

Neste

Trykk Neste. Då vil vegvisaren bruka gjeldande innstillingar og går vidare til neste steg. På det siste steget vert denne knappen endra til Lag.

Fullfør

Tar i bruk alle endringane og lukker vegvisaren.

Avbryt

Lukkar du eit dialogvindauge med Avbryt, vert ingen av endringane du har gjort i han lagra.

Spørjingsvegvisar → Feltval