Fil

Fil-menyen for eit databasevindauge. Berre oppføringar for databasar vert viste.

Lagra

Lagrar databasefila, spørjinga, skjemaet eller rapporten. For databasefila vil du sjå eit dialogvindauge for fillagring. For dei andre objekta vert dialogvindauget Lagra vist.

Lagra som

Lagrar databasefila med eit anna namn. I dialogvindauget for fillagringvel du ein sti og eit filnamn.

Eksporter

Eksporterer den valde rapporten eller det valde skjemaet til eit tekstdokument. Viss du eksporterer ein dynamisk rapport, vil innhaldet vere innhaldet i databasen i den augneblinken du eksporterer.

Send

Opnar ein undermeny.

E-postdokument

Opnar standardprogrammet for e-post for å sende ein ny e-post. Databasefila vert tatt med som eit vedlegg. Du kan skriva inn emne, mottakarar og ei melding.

Rapport som e-post

Opnar standardprogrammet for e-post for å sende ein ny e-post. Den valde rapporten vert tatt med som eit vedlegg. Du kan skriva inn emne, mottakarar og ein melding. Ein dynamisk rapport vert lagt ved som ein kopi av databaseinnhaldet ved eksporttidspunktet.

Rapport til tekstdokument

Eksporter den valde rapporten som eit tekstdokument. Ein dynamisk rapport vert lagt ved som ein kopi av databaseinnhaldet ved eksporttidspunktet.