Bruk av databasar i LibreOffice Base
I LibreOffice Base kan du få tilgang til data som er lagra i mange ulike databasefilformat. LibreOffice har også støtte for nokre filbaserte databasefilformat, som for eksempel dBASE. Du kan også bruka LibreOffice Base for å kopla til eksterne relasjonsdatabasar, som databasar frå MySQL og Oracle.
Dei følgjande databasetypane er skriveverna i LibreOffice Base. I LibreOffice Base er det ikkje råd å forandra databasestrukturen, redigera, setja inn eller sletta databasepostar for desse databasetypane:
-
Reknearkfiler
-
Tekstfiler
-
Adressebokdata
Bruk av ein database i LibreOffice
-
For å laga ei ny databasefil, vel Fil → Ny → Database.
Databasevegvisaren hjelper deg med å laga ei databasefil og til å registrere ein ny database i LibreOffice.
Databasefila inneheld spørjingar, rapportar og skjema for databasen, og dessutan ei lenkje til databasen der datapostane er lagra. Informasjon om formateringar er også lagra i databasen.
-
For å opna ein fildatabase, vel Fil → Opna. I listeboksen Filtype vel å berre visa «Databasedokument». Vel eit databasedokument og klikk Opna.