Set opp ei tilkopling til tekstfiler

Angjev innstillingar for import av ein database i tekstformat.

I ein database i tekstformat vert data lagra i ei uformatert ASCII-fil, der kvar datapost er éi rad. Datafelta er skilde med separatorar. Tekst i datafelta er skild med hermeteikn.

Sti til tekstfiler

Skriv inn stien til tekstfilene. Viss du berre vil bruka ei enkelt tekstfil, kan fila ha kva etternamn som helst. Viss du vil ha med alle filene i ei mappe, må alle filene ha etternamnet «*.csv» for å verta gjenkjende som filer i ein tekstdatabase.

Bla gjennom

Trykk for å opna eit dialogvindauge der du kan velja ei fil.

Reine tekstfiler (*.txt)

Trykk for å få tilgang til txt-filer.

Filer med kommaseparerte verdiar (*.csv)

Trykk for å få tilgang til csv-filer.

Tilpassa

Trykk for å få tilgang til eigne filer. Skriv inn filetternamnet i tekstboksen.

Feltskiljeteikn

Skriv inn eller vel teiknet som skil datafelta i tekstfila.

Tekstskiljeteikn

Skriv inn eller vel teiknet som identifiserer eit tekstfelt i tekstfila. Du kan ikkje bruka det same teiknet som for feltskilje.

Desimalskilje

Skriv inn eller vel teiknet som er brukt som desimalteikn i tekstfila. Eksempel: komma (0,5) eller punktum (0.5).

Tusenskilje

Skriv inn eller vel teiknet som er brukt som tusenskilje i tekstfila. Eksempel: komma (1,000) eller punktum (1.000).

Databasevegvisar