Vel database

Lagar ein ny database, opnar ei databasefil eller koplar til ein eksisterande database.

Lag ein ny database

Trykk her for å laga ein ny database. Dette valet bruker HSQL-databasemotoren med standardinnstillingane. Neste vindauge er det siste i vegvisaren.

Ekstern nettstad om HSQL.

Opna ei eksisterande databasefil

Trykk her for å opna ei databasefil frå ei liste over tidlegare brukte filer eller frå eit dialogvindauge for å velja filer.

Nyleg brukte

Vel ei databasefil som skal opnast frå lista over nylig brukte filer. Trykk «Fullfør» for å opna fila og avslutta vegvisaren.

Opna

Opnar eit dialogvindauge der du kan velja ei databasefil. Trykk «Opna» eller «OK» for å opna den valde fila og avslutta vegvisaren.

Kopla til ein eksisterande database

Trykk her for å oppretta eit databasedokument for ei eksisterande databasekopling.

Databasetype

Vel databasetypen for den eksisterande databasekoplinga.

Merknadsikon

Outlook, Evolution, KDE adressebok og Seamonkey databasetypane treng ikkje meir informasjon. For andre databasetypar inneheld vegvisaren fleire sider for å spesifisere den nødvendige informasjonen.


Den neste vegvisarsida er ei av desse sidene:

Lagra og hald fram

Bestemmer om du vil registrera databasen, opna databasen for redigering eller setja inn ein ny tabell.

Set opp tekstfilkopling

Set opp Microsoft Access- eller Microsoft Access 2007-kopling

Set opp LDAP-kopling

Set opp ADO-kopling

Set opp JDBC-kopling

Set opp Oracle-databasekopling

MySQL-innstillingar

ODBC innstillingar

Set opp reknearkstilkopling