Relasjonar

Let deg definera og redigera ein relasjon mellom to tabellar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Relasjonar


Merknadsikon

Vala for oppdatering og sletting er berre tilgjengelege viss dei er støtta i den brukte databasen.


Tabell

Viss du lagar ein ny relasjon, kan du velja ein tabell frå kvar av kombinasjonsboksane øvst i dialogvindauget.

Viss du opna dialogvindauget Relasjonar for ein eksisterande relasjon ved å dobbeltklikka på sambandslinjer i relasjonsvindauget, kan dei tabellane som er involverte i relasjonen ikkje endrast.

Nøkkelfelt

Angje nøkkelfelta for relasjonen.

Namna på tabellane som er valde for lenkinga vert viste som kolonnenamn. Viss du trykkjer på eit felt, kan du bruka piltastane for å velja andre felt frå tabellen. Kvar relasjon vert skrive i ei rad.

Oppdateringsinnstillingar

Her kan du velja innstillingar som skal verka når det er endringar i eit primærnøkkelfelt.

Inga handling

Bestemmer at endringar som vert gjort i ein primærnøkkel ikkje skal påverka andre eksterne nøkkelfelt.

Oppdater kaskade

Oppdaterer alle eksterne nøkkelfelt viss verdien i den tilhøyrande primærnøkkelen er endra (overlappande oppdatering).

Vel nullverdi

Viss den tilhøyrande primærnøkkelen er endra, kan du bruka dette valet til å angje «IS NULL»-verdien i alle eksterne nøkkelfelt. «IS NULL» betyr at feltet er tomt.

Set som standard

Viss den tilhøyrande primærnøkkelen er endra, kan du bruka dette valet for å setja ein standardverdi for alle eksterne nøkkelfelt. Under opprettinga av den tilhøyrande tabellen, vert standardverdien for eit eksternt nøkkelfelt angjeve når du tildeler felteigenskapane.

Innstillingar for sletting

Her du kan velja kva innstillingar som skal brukast når eit primærnøkkelfelt vert sletta.

Inga handling

Vel om det å sletta ein primærnøkkel skal endra eksterne nøkkelfelt eller ikkje.

Slett kaskade

Vel om alle eksterne nøkkelfelt skal slettast viss du slettar den tilhøyrande primærnøkkelen.

Åtvaringsikon

Når du slettar eit primærnøkkelfelt med valet Slett overlapp, vert også alle datapostane frå andre tabellar som har denne nøkkelen som sin framandnøkkel sletta. Ver forsiktig når du bruker denne innstillinga, då det er fåre for å sletta ein stor del av databasen.


Vel nullverdi

Viss du slettar den tilhøyrande primærnøkkelen, vert «IS NULL»-verdien gjeven til alle eksterne nøkkelfelt.

Set som standard

Viss du slettar den tilhøyrande primærnøkkelen, vil ein gjeven verdi verta gjeven til alle eksterne nøkkelfelt.