Relasjonar

Denne kommandoen opnar vindauget Relasjonsoppsett, som let deg bestemma samanhengar imellom ulike databasetabellar.

Her kan du lenkja saman tabellar frå databasen via felles datafelt. Trykk på Ny relasjon for å laga relasjonen, eller dra og slepp ved hjelp av datamusa.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Relasjonar


Merknadsikon

Denne funksjonen er berre tilgjengeleg viss du arbeider med ein relasjonsdatabase.


Når du vel Verktøy → Relasjonar kjem det opp eit vindauge der alle eksisterande relasjonar mellom tabellane i den gjeldande databasen vert viste. Viss ingen relasjonar er angjeve, eller viss du vil relatera andre tabellar i databasen til kvarandre, klikk på ikonet Legg til tabellar. Dette vil opna vindauget Legg til tabellar der du kan velja kva for tabellar som skal brukast.

Ikon

Set inn tabellar

Merknadsikon

Viss vindauget Relasjonsutforming er ope, kan ikkje dei valde tabellane forandrast, sjølv i Lag tabell-modus. Dette forsikrar at tabellar ikkje vert endra medan relasjonane vert oppretta.


Dei valde tabellane vert viste i toppområdet av oppsettvisinga. Du kan lukke eit tabellvindauge via sprettoppmenyen eller med Delete-tasten.

Flytta tabellar og endra storleik på dei

Du kan endra storleiken på og sortera tabellar for å få dei slik du vil ha dei. For å flytta ein tabell, dreg du den øvste kanten til ønskt plassering. Du forstørrar eller forminskar storleiken tabellen vert vist i ved å plassera musepeikaren på ein kant eller eit hjørne og dra i tabellen til han har ønskt storleik.

Primærnøkkel og andre nøklar

Viss du vil definera ein relasjon mellom dei ulike tabellane, bør du skriva inn ein primærnøkkel som identifiserer eit datafelt i den eksisterande tabellen. Du kan referera til primærnøkkelen frå andre tabellar for å få tilgang til data frå denne tabellen. Alle datafelt som refererer til denne primærnøkkelen vert identifisert som ein ekstern nøkkel.

Alle datafelta som refererer til ein primærnøkkel, vert identifiserte i tabellvindauget av eit lite nøkkelsymbol.

Sletta relasjonar

Alle eksisterande relasjonar vert viste i relasjonsvindauget med ei linje som bind saman det primære og andre nøkkelfelt. Du kan leggja til ein relasjon ved å bruka dra og slepp for å droppe feltet frå ein tabell på feltet i den andre tabellen. Ein relasjon vert fjerna igjen ved å merkja han og trykkja på «Delete».

Alternativt kan du også klikka på ikonet Ny relasjon i toppområdet av relasjonsfeltet og angje relasjonen mellom to tabellar i dialogvindauget Relasjonar.

Ikon

Ny relasjon

Åtvaringsikon

Viss du bruker LibreOffice som grenseflate for ein relasjonsdatabase, vert ikkje opprettinga og slettinga av forhold lagra i eit mellomliggjande minne av LibreOffice, men vert sendt vidare direkte til den eksterne databasen.


Ved å dobbeltklikka på ei samankoplingslinje kan du tildela bestemte eigenskapar til relasjonen. Dialogvindauget Relasjonar vert vist.