Tabellutforming
I vindauget Tabelloppsett kan du definera nye tabellar eller redigera strukturen i ein eksisterande tabell.
Vindauget har si eige menylinje. Denne inneheld også den nye kommandoen Indeksoppsett
Område for tabellval
I dette området vel du tabellstrukturen.
Filnamn
Angje namnet på datafeltet. Ver merksam på avgrensingane i databasen. Dette kan for eksempel vera lengda på namnet og bruk av spesialteikn eller mellomrom.
Felttype
Angjev felttypen.
Skildring
Angjev ei valfri beskriving.
Radoverskriftene inneheld desse kommandoane på sprettoppmenyen:
Klipp ut
Klipper ut den merkt rada til utklippstavla.
Kopier
Kopierer den merkt rada til utklippstavla.
Lim inn
Limer inn innhaldet frå utklippstavla.
Slett
Sletter den merkte rada.
Set inn rader
Set inn ei tom rad over den gjeldande rada viss tabellen ikkje er lagra. Set inn ei tom rad på slutten av tabellen viss tabellen er lagra.
Primærnøkkel
Viss denne kommandoen har eit avkryssingsmerke, er datafeltet i denne linja ein primærnøkkel. Du slår av/på statusen for denne kommandoen ved å trykkja på avkryssingsmerket. Kommandoen er synleg berre viss datakjelda støttar bruk av primærnøklar.
Felteigenskapar
Angjev feltegeinskapar for det valde feltet.
Lengd
Bestemmer lengda på datafeltet.
Desimalplassar
Bestemmer talet på desimalar for eit numerisk felt eller eit desimalfelt.
Standardverdi
Bestemmer verdien som skal vera standard i nye dataposter.
Formateksempel
Viser formatkoden som du kan velja med knappen … .
…
Denne knappen opnar dialogvindauget Feltformat.
Hjelpeområde
Vis hjelpetekstane.