Skjemaoppsett

Kva LibreOffice-dokument som helst kan utvidast til eit skjema. Berre legg til ein eller fleire skjemafunksjonar.

Opna verktøylinja «Skjemakontroll». Verktøylinja inneheld funksjonar som er nødvendige for å redigera eit skjema. Du kan finna fleire funksjonar i verktøylinjene Skjemautforming og Fleire kontrollar.

I skjemautforming kan du ta med kontrollelement, leggja til eigenskapar, angje Skjemaeigenskapar, og underskjema.

Skjema-ikonet Ikon på verktøylinja for skjemautforming opnar Skjemastruktur.

Opna i utformingsmodus icon -ikonet gjer at eit skjemadokument kan lagrast slik at det alltid vert opna i redigeringsmodus.

Viss det oppstår ein feil medan du definerer eigenskapar til objekt i skjemaet (f. eks. ved tildeling av ein ikkje-eksisterande databasetabell til eit objekt), kjem det opp ei tilhøyrande feilmelding. Dialogvindauget til denne feilmeldinga kan innehalda knappen Meir. Viss du trykkjer på Meir, vert eit dialogvindauge med meir informasjon om feilen vist.