Eigenskapar for samanslåing

Viss du dobbeltklikkar på ei kopling mellom to lenkja felt i spørjingsutforminga, eller viss du vel Set inn → Ny relasjon, kjem dialogvindauget Val for samanføying fram. Desse eigenskapane vert brukte i alle spørjingar som vert laga i ettertid.

For å bruka denne funksjonen …

Opna spørjingsutforminga og vel Set inn → Ny relasjon eller dobbeltklikk på ei sambandslinje mellom to tabellar.


Involverte tabellar

Vel to ulike tabellar som skal slåast saman.

Involverte felt

Vel to datafelt som skal slåast saman med ein relasjon.

Innstillingar

Type

Angje kva type den merkte lenkja skal vera. Nokre databasar godtar berre ei delmengd av dei moglege typane.

Indre samanslåing

Med ei indre samanføying vil resultattabellen berre innehalda postar der innhaldet i dei lenkja felta er like. I LibreOffice SQL vert denne typen lenkjer laga med den tilsvarande kommandoen «WHERE».

Venstresamanslåing

Med ei venstre samanføying vil resultattabellen innehalda alle felta frå den venstre tabellen og berre felta frå den høyre tabellen der innhaldet i dei lenkja felta er like. I LibreOffice SQL svarar denne lenkjetypen til kommandoen «LEFT OUTER JOIN».

Høgresamanslåing

Med ei høgre samanføying vil resultattabellen innehalda alle felta frå den høgre tabellen, og berre felta frå den høgre tabellen der innhaldet i dei lenkja felta er like. I LibreOffice SQL svarar denne lenkjetypen til kommandoen «RIGHT OUTER JOIN».

Full samanslåing

Ved ei full samanføying vil resultattabellen innehalda alle felta frå både venstre og høgre tabell. I LibreOffice SQL svarar denne lenkjetypen til kommandoen «FULL OUTER JOIN»

Natural

Set inn nøkkelordet NATURAL i SQL-uttrykket som angjev relasjonen. Relasjonen føyer saman alle kolonnane som har det same namnet i begge tabellane. Den resulterande samanføyde tabellen inneheld berre ein kolonne for kvart par av kolonnar med same namnet.