Spørjingsutforming

Visinga Spørjingsutforming lèt deg laga og redigera ei databasespørjing.

For å bruka denne funksjonen …

Trykk på knappen Spørjingar i eit databasefilvindauge og vel Rediger → Rediger


Merknadsikon

Dei fleste databasar bruker spørjinger for å filtrera eller sortera databasetabellar for å visa oppføringar på datamaskinen di. Visingar har den same funksjonaliteten som spørjingar, men på tenarsida. Viss databasen din er på ein tenar som støttar visingar, kan du bruka visingar til å filtrera oppføringar på tenaren for å gjera visingstida kortare.


Merknadsikon

Viss du vel funksjonen Lag vising i fana Tabellar i eit databasedokument, dukkar vindauget Utformingsvising opp. Dette liknar på vindauget Spørjingsutforming, som er skildra her.


Vindauget for spørjingsutforming vert lagra med ei ferdiglaga spørjing, men kan ikkje lagrast med ei ferdiglaga vising.

Utformingsvising

Trykk på ikonet Spørjingar i eit databasedokument, og deretter på Lag spørjing i utformingsvising for å oppretta ei spørjing.

Nedst i vindauget for utformingsvising kan du velja alternativ for spørjinga. For å setja opp ei spørjing, oppgjev du kva for feltnamn i databasen som skal vera med og kriterium for vising av felta. For å endra kolonnerekkjefølgja, dreg du ei kolonneoverskrift til ei ny plassering, eller merkjer kolonnen og trykkjer + Piltast.

Øvst i vindauget for utformingsvising ser du symbola for verktøylinjene Spørjingsutforming og Utforming.

Viss du vil testa ei spørjing, dobbeltklikkar du på namnet hennar i databasedokumentet. Resultatet av spørjinga vert då vist i ein tabell som liknar på datakjeldevisinga. Merk: Den viste tabellen er berre mellombels.

Tastefunksjonar i visinga «Spørjingsutforming»

Tast

Funksjon

F4

Førehandsvising

F5

Køyr spørjing

F7

Legg til tabell eller spørjing


Bla gjennom

Når du opnar spørjingsutformaren første gongen, kjem det fram eit dialogvindauge der du må velja tabellen eller spørjinga som skal vera grunnlaget for den nye spørjinga.

Dobbeltklikk på felt for å leggja dei til i spørjinga. Dra og slepp for å setja opp relasjonar.

Merknadsikon

Du kan ikkje endra dei valde tabellane medan du utformar ei spørjing.


Fjerna tabellar

For å fjerna tabellen frå utformingsvisinga, trykkjer du på den øvste kanten av tabellvindauget, slik at sprettoppmenyen kjem opp. Du kan bruka funksjonen Slett for å fjerna tabellen frå utformingsvisinga. Du kan også trykkja på Delete-tasten på tastaturet.

Flytta tabellar og endra storleik på dei

Du kan endra storleiken på og sortera tabellar for å få dei slik du vil ha dei. For å flytta ein tabell, dreg du den øvste kanten til ønskt plassering. Du forstørrar eller forminskar storleiken tabellen vert vist i ved å plassera musepeikaren på ein kant eller eit hjørne og dra i tabellen til han har ønskt storleik.

Tabellrelasjonar

Viss det finst datarelasjonar mellom eit feltnamn i ein tabell og eit feltnamn i ein annan, kan du bruka desse relasjonane i spørjinga di.

Viss du for eksempel har eit rekneark for artiklar som har eigne artikkelnummer, og eit rekneark for kundar, der du noterer alle artiklane ein kunde bestiller ved å bruka dei tilsvarande artikelnummera, så er det ein relasjon mellom dei to datafelta for artikkelnummer. Viss du så vil oppretta ei spørjing for å finna alle artiklane ein kunde har bestilt, må du henta inn data frå begge reknearka. For å gjera dette, må du i LibreOffice oppgje kva for samanheng det er mellom dataa i dei to reknearka.

For å gjera dette, trykkjer du på eit feltnamn i ein tabell (for eksempel feltnamnet «Artikkelnummer» i reknearket med kundane), held museknappen nede, og dreg deretter feltnamnet bort til feltnamnet i den andre tabellen («Artikkelnummer» i reknearket med artiklane). Når du slepp museknappen, vil det dukka opp ei linje som bind dei to felta i dei to vindauga saman. Det tilsvarande vilkåret for at innhaldet i dei to felta må vera identisk, skriv du inn i SQL-spørjinga som kjem opp.

Det er berre mogleg å oppretta ei spørjing som er basert på fleire relaterte rekneark ved å bruka LibreOffice som grensesnitt for relasjonsdatabasen.

Merknadsikon

Du kan ikkje få tilgang til tabellar frå fleire ulike databasar i éi spørjing. Spørjingar som involverer fleire tabellar er avhengige av at alle tabellane ligg i same databasen.


Velja lenkjetype

Viss du dobbeltklikkar på linja som bind dei to felta saman, eller vel Set inn → Ny relasjon, kan du velja lenkjetype i dialogvindauget Relasjonar.

Alternativt kan du trykkja på tabulator-tasten til du kjem til den aktuelle linja og deretter trykkja Shift + F10 for å få opp sprettoppmenyen. På den vel du så Rediger. Ikkje alle databasar støttar alle dei moglege samanslåingstypane.

Sletta relasjonar

For å sletta ein relasjon mellom to tabellar, trykkjer du på samanbindingslenkja, og deretter på Delete-tasten.

Det er også råd å sletta dei tilsvarande punkta i Involverte felt i dialogvindauget Relasjonar. Eller du kan trykkja på Tabulator-tasten til samanbindingslinja vert utheva og deretter på Shift + F10 for å opna sprettoppmenyen. På denne vel du så Slett.

Setja opp spørjingar

Vel vilkår for å setja opp spørjinga. Kvar kolonne i utformingstabellen kan innehalda eit datafelt for spørjinga. Vilkåra i ei rad vert bundne saman med ein boolsk OG.

Oppgje feltnamn

Først merkjer du alle feltnamna i dei tabellane du vil leggja til i spørjinga. Du kan gjera dette anten ved å dra og sleppe eller ved å dobbeltklikka på eit feltnamn i tabellvindauget. Med dra-og-slepp-metoden bruker du musa for å dra eit feltnamn frå tabellvindauget og inn i det nedste området av spørjingsutforminga. Medan du gjer dette, kan du velja kva for kolonne du vil leggja til feltet til. Du vel eit feltnamn ved å dobbeltklikka på det. Feltnamnet vert då lagt til i neste ledige kolonne.

Sletta feltnamn

For å fjerna eit feltnamn frå spørjinga, trykkjer du på kolonneoverskrifta for feltet og vel kommandoen Slett på sprettoppmenyen for kolonnen.

Lagra spørjingar

Bruk ikonet Lagra på standardverktøylinja for å lagra ei spørjing. Då dukkar det opp eit dialogvindauge som ber deg om å skriva inn eit namn på spørjinga. Viss databasen støttar skjema, kan du også skriva inn eit skjemanamn.

Schema

Skriv inn namnet på skjemaet som er tilknytt spørjinga eller tabellvisinga.

Spørjingsnamn eller tabellvisingsnamn

Skriv inn namnet på spørjinga eller tabellvisinga.

Filtrera data

For å filtrera data for spørjingen, oppgjev du dei ønskte parametrane i det nedste området av utformingsvisinga. Desse linjene kan brukast:

Felt

Skriv inn namnet på feltet som du viste til i spørjinga. Alle innstillingane du gjorde i dei nedre radene viser til dette feltet. Viss du gjer ei celle aktiv ved eit museklikk, dukkar det opp ein knapp med ei pil på, slik at du kan velja eit felt. I valet «Tabellnamn» vel du alle datafelta og kva for kriterium som er gyldige for alle tabellfelta.

Alias

Oppgje eit alias. Dette aliaset vil verta vist i staden for feltnamnet i spørjinga. Dette gjer at du kan bruka sjølvvalde kolonnenamn. Eksempel: Viss eit datafelt har namnet «Delnr», men du i staden vil at «Delnummer» skal visast i spørjinga, kan du oppgje dette som eit alias.

I eit SQL-uttrykk gjev du opp alias slik:

SELECT kolonne AS aliasnamn FROM tabell.

For eksempel:

SELECT "Delnr" AS "Delnummer" FROM "Delar"

Tabell

Den tilhøyrande databasetabellen til det valde datafeltet vert vist her. Viss du aktiverer cella med eit museklikk, vil det dukka opp ei pil som lèt deg velja ein annan tabell i den gjeldande spørjinga.

Sorter

Viss du trykkjer på cella, kan du velja mellom desse sorteringsalternativa: stigande, synkande og ikkje sortert. Tekstfelter vil verta sorterte alfabetisk og numeriske felt numerisk.

Synleg

Viss du kryssar av for eigenskapen Synleg for eit datafelt, vil dette datafeltet vera synleg i spørjinga. Du treng ikkje ha feltet synleg viss du berre bruker det til å formulera eit vilkår.

Kriterium

Vel kva for kriterium innhaldet i datafeltet skal sorterast etter.

eller

Her kan du velja endå eit kriterium for filtrering på kvar linje. Fleire kriterium i ein kolonne vil verta samanbundne med ei OR-lenkje.

Du kan også bruka sprettoppmenyen for tabellgrenser i det nedste området av spørjingsutforminga for å setja inn endå ei linje for funksjonar:

Funksjonar

Kva for funksjonar du kan køyra her, er avhengig av databasen.

Viss du jobbar med HSQL-databasen, vil den første boksen i rada Funksjon tilby deg desse vala:

Innstilling

SQL

Effekt

Ingen funksjon

Ingen funksjon vil verta utførd.

Gjennomsnitt

AVG

Reknar ut det aritmetiske gjennomsnittet av eit felt.

Tal

TAL.PÅ (COUNT på engelsk)

Avgjer talet på datapostar i tabellen. Tomme felt kan anten vera talde (A) eller ikkje (B).

A) COUNT(*): Viss du oppgjev ei stjerne som argument, vert alle datapostar i tabellen talde.

B) COUNT(kolonne): Viss du oppgjev eit feltnamn som argument, vert berre felt der feltnamnet i spørsmålet inneheld ein verdi talde. Nullverdiar (tomme felt) vil ikkje verta talde.

Maksimum

MAX

Avgjer den høgaste verdien av eit felt.

Minimum

MIN

Avgjer den lågaste verdien av eit felt.

Summer

SUM

Reknar ut summen av verdiane i dei tilknytte felta.

Grupper

GROUP BY

Grupperer spørjingsdata etter det valde feltnamnet. Funksjonar vert utførde i høve til dei oppgjevne gruppene. I SQL svarar denne innstillinga til GROUP BY-setninga. Viss eit kriterium vert lagt til, vert denne oppføringa vist i SQL HAVING.


Du kan også skriva inn funksjonskall direkte i SQL-setninga. Syntaksen er:

SELECT FUNCTION(kolonne) FROM tabell.

For eksempel er dette funksjonskallet i SQL for å rekna ut ein sum:

SELECT SUM("Pris") FROM "Artikkel".

Bortsett frå Grupper-funksjonen er funksjonane ovanfor såkalla resultatmengdefunksjonar. Dette er funksjonar som reknar ut data for å laga samandrag frå resultata. Det kan òg finnast fleire funksjonar som ikkje er med i listeboksen. Desse er avhengige av kva for databasesystem som er i bruk og den gjeldande tilstanden for Base-drivaren.

For å bruka andre funksjonar enn dei som er med i listeboksen, må du skriva dei inn under Felt.

Du kan også tildela alias til funksjonskall. Viss spørjinga ikkje skal verta vist i kolonneoverskrifta, skriv du inn det ønskte namnet under Alias.

Den tilsvarande funksjonen i ein SQL-setning er:

SELECT FUNCTION() AS aliasnamn FROM tabell

Eksempel:

SELECT COUNT(*) AS tal på FROM "Element"

Merknadsikon

Viss du køyrer denne funksjonen, kan du ikkje setja inn fleire kolonnar for spørjinga med mindre desse kolonnane kjem inn gjennom «Grupper»-funksjonen.


Eksempel

I dette eksempelet vert det køyrt ei spørjing gjennom to tabellar: Ein «Del»-tabell med feltet «Delnr.» og ein «Kunde»-tabell med feltet «Kundenamn». Begge tabellane har det felles feltnamnet «Kundenr.»

Dette steget er nødvendig for å setja opp ei spørjing som inneheld alle kundane som har kjøpt meir enn tre delar.

  1. Set inn tabellane «Del» og «Kunde» i spørjingsutforminga.

  2. Bind saman feltet «Kundenr.» i dei to tabellane viss det ikkje finst ein slik relasjon frå før.

  3. Dobbeltklikk på feltet «Delnr.» i «Del»-tabellen. Opna Funksjonslinja ved å velja funksjonen «Tal» på sprettoppmenyen.

  4. Skriv inn >3 som kriterium og fjern avkryssinga for synleg-feltet.

  5. Dobbeltklikk på feltet «Kundenamn» i «Kunde»-tabellen og vel grupper-funksjonen.

  6. Køyr spørjinga.

Viss felta «Pris» (enkeltprisen på ein del) og «Kundenr.» (kunden som vil kjøpa denne delen) finst i «Del»-tabellen, kan du få opp gjennomsnittsprisen på delane ein kunde kjøper med denne spørjinga:

  1. Set inn «Del»-tabellen i spørjingsutforminga.

  2. Dobbeltklikk på felta «Pris» og «Kundenr.»

  3. Gå til Funksjonslinja og merk gjennomsnittfunksjonen i «Pris»-feltet.

  4. Du kan også skriva inn «AVERAGE» på linja for aliasnamn (utan hermeteikna).

  5. Vel «Grupper» for feltet «Kundenr.»

  6. Køyr spørjinga.

Desse funksjonane og symbola er tilgjengelege i sprettoppmenyen:

Funksjonar

Vis eller gøym ei rad med funksjonsval.

Tabellnamn

Vis eller gøym rada for tabellnamn.

Aliasnamn

Vis eller gøym rada for aliasnamn.

Unike verdiar

Bruker berre unike verdiar i spørjinga. Dette gjeld postar som inneheld data som finst fleire gongar i dei valde felta. Viss funksjonen Unike verdiar er slått på, vil du berre få opp éin post i spørjinga (DISTINCT). Elles vil du få opp alle postane som passar til spørjingskriteriet (ALL).

For eksempel kan du bruka funksjonen Unike verdiar viss namnet «Hansen» finst mange gongar i adressedatabasen din, men du vil at det berre skal førekoma éin gong.

I ei spørjing som involverer fleire felt, må kombinasjonen av verdiar frå alle felta vere unike, slik at resultatet kan lagast ut frå ein viss post. For eksempel har du éin «Hansen i Bergen» i adresseboka di, men to «Hansen i Oslo». Med funksjonen Unike verdiar, vil spørjinga bruka dei to felta «Etternamn» og «Bustad», slik at du får opp berre éin «Hansen i Bergen» og éin «Hansen i Oslo».

I SQL svarar denne funksjonen til «DISTINCT».

Grense

Gjer deg høve til å maksimera talet på postar som spørjinga skal returnera.

Viss det er lagt til ei grense vil du få opp til så mange rader som talet viser. Elles vil du sjå så mange svar som spørjinga gjev tilbake.

Formulera filtreringsvilkår

Når du formulerer filtreringsvilkår, har du ulike operatorar og funksjonar tilgjengelege. Bortsett frå relasjonsoperatorane, er det SQL-spesifikke funksjonar som utfører spørjingar i innhaldet i databasefelta. Viss du bruker desse funksjonane med LibreOffice-syntaks, vil LibreOffice automatisk gjera dei om til SQL-syntaks. Du kan også skriva inn SQL-kommandoar direkte. Desse tabellane gjev ei oversikt over operatorane og funksjonane:

Operator

Tyding

Vilkåret er oppfylt viss …

=

Er lik

… innhaldet i feltet er identisk med det oppgjevne uttrykket.

Operatoren = vert ikkje vist i spørjingsfelta. Viss du skriv inn ein verdi utan operator, vil operatoren = automatisk verta brukt.

<>

Er ikkje lik

… innhaldet i feltet ikkje er identisk med det oppgjevne uttrykket.

>

Større enn

… innhaldet i feltet er større enn det oppgjevne uttrykket.

<

Mindre enn

… innhaldet i feltet er mindre enn det oppgjevne uttrykket.

>=

Større enn eller lik

… innhaldet i feltet er større enn eller lik det oppgjevne uttrykket.

<=

Mindre enn eller lik

… innhaldet i feltet er mindre enn eller lik det oppgjevne uttrykket.


LibreOffice-funksjon

SQL-kommando

Tyding

Vilkåret er oppfylt viss …

IS EMPTY

IS NULL

Er null

… feltnamnet er tomt. For «Ja/Nei»-felt med tre tilstandar, vil denne funksjonen automatisk spørja etter den uvisse tilstanden (verken «Ja» eller «Nei»).

IS NOT EMPTY

IS NOT NULL

Er ikkje tomt

… feltnamnet ikkje er tomt.

LIKE

(* er plasshaldar for eit uvisst tal teikn,

? er plasshaldar for nøyaktig eitt teikn)

LIKE

(% er plasshaldar for eit uvisst tal teikn,

_ er plasshaldar for nøyaktig eitt teikn)

Er eit element i

… datafeltet inneheld uttrykket som er oppgjeve. Plasshaldaren (*) oppgjev om uttrykket «x» finst i byrjinga av (x*), på slutten av (*x) eller inne i feltinnhaldet (*x*). I SQL-spørjingar kan du kan leggja inn plasshaldarar, anten med SQL-teiknet % eller den kjende filsystem-plasshaldaren i LibreOffice-grensesnittet (*).

Plasshaldarane * eller % står for eit uvisst tal teikn. Spørjeteiknet (?) i LibreOffice-grensesnittet eller understreken (_) i SQL-spørjingar er plasshaldar for nøyaktig eitt teikn.

NOT LIKE

NOT LIKE

Er ikkje eit element i

… feltnamnet inneheld ikkje det oppgjevne uttrykket.

BETWEEN x AND y

BETWEEN x AND y

Ligg mellom [x,y]

… feltnamnet inneheld ein verdi som ligg mellom dei to verdiane «x» og «y».

NOT BETWEEN x AND y

NOT BETWEEN x AND y

Ligg ikkje mellom [x,y]

… feltnamnet inneheld ein verdi som ikkje ligg mellom dei to verdiane «x» og «y».

IN (a; b; c …)

Legg merkje til at semikolon vert skiljeteikn i alle verdilister.

IN (a, b, c …)

Inneheld «a, b, c …»

… feltnamnet inneheld eit av dei oppgjevne uttrykka «a, b, c, …» Ein kan oppgje så mange uttrykk ein vil, og resultatet av spørjinga vert avgjort av ei OR-lenkje. Uttrykka «a, b, c …» kan anten vera tal eller teikn.

NOT IN (a; b; c …)

NOT IN (a, b, c …)

Inneheld ikkje «a, b, c …»

… feltnamnet inneheld ikkje eit av dei oppgjevne uttrykka «a, b, c, …»

= TRUE

= TRUE

Har verdien «Sann»

… feltnamnet har verdien «Sann».

= USANN

= USANN

Har verdien «Usann».

… feltnamnet har verdien «Usann».


Eksempel

='Frk.'

Returnerer feltnamna med feltinnhaldet «Frk.»

<'2001-01-10'

returnerer datoar før 10. januar 2001

LIKE 'g?v'

Returnerer feltnamna med feltinnhald som «giv» og «gav».

LIKE 'S*'

Returnerer datafelta med feltinnhald som «Sol».

BETWEEN 10 AND 20

Returnerer feltnamna med feltinnhald som ligg mellom verdiane 10 og 20. Felta kan vera anten tekstfelt eller talfelt.

IN (1; 3; 5; 7)

Returnerer feltnamna med verdiane 1, 3, 5, 7. Viss feltnamnet f.eks. inneheld eit delnummer, kan du oppretta ei spørjing som returnerer den delen som har det oppgjevne nummeret.

NOT IN ('Hansen')

Returnerer feltnamna som ikkje inneheld «Hansen».


Like-skiftsekvensen: {escape 'escape-character'}

Eksempel: select * from Del where Delnavn like '*%' {escape '*'}

Dette eksempelet gjev deg alle oppføringane der delnamnet byrjar med teiknet '*'. Dette tyder at du også kan søkja etter teikn som elles ville verta tolka som plasshaldarar, slik som *, ?, _, % eller punktum.

Outer Join-skiftsekvensen: {oj outer-join}

Eksempel: select Del.* from {oj-element LEFT OUTER JOIN ordrar ON del.no=ordrar.DNR}

Spørjingar i tekstfelt

For å gjera ei spørjing i innhaldet i eit tekstfelt, må du oppgje uttrykket i enkle hermeteikn ('). Om det vert skilt mellom store og små bokstavar, er avhengig av kva for database som er i bruk. «LIKE» skil per definisjon mellom store og små bokstavar, men ikkje alle databasar tek dette så nøye.

Spørjingar i datofelt

Datofelt vert viste som #Date# for å tydeleg å identifisera dei som datoar. Dato-, tid- og dato-/tid-konstantar (må skrivast ordrett) brukte i vilkår kan anten vera SQL Escape syntakstype eller standard SQL2-syntaks.

Datatypeelement

SQL Escape syntax #1 - kan vera utgått

SQL Escape syntax #2

SQL2-syntaks

Dato

{D'ÅÅÅÅ-MM-DD'}

{d 'ÅÅÅÅ-MM-DD'}

'YYYY-MM-DD'

Klokkeslett

{D'TT:MM:SS'}

{t 'HH:MI:SS[.SS]'}

'HH:MI:SS[.SS]'

Dato/klokkeslett

{D'ÅÅÅÅ-MM-DD TT:MM:SS'}

{ts 'YYYY-MM-DD HH:MI:SS[.SS]'}

'YYYY-MM-DD HH:MI:SS[.SS]'


Eksempel: select {d '1999-12-31'} from verda.år

Eksempel: vel * frå tabellen_min der år='1999-12-31'

Alle datouttrykk (ordrette) må setjast i enkle hermeteikn. (Sjå i referansane for den aktuelle databasen og koplinga om fleire detaljar om dette).

Spørjingar i Ja/Nei-felt

For å gjera ei spørjing i Ja/Nei-felt, bruker du denne syntaksen for dBASE-tabellar:

Status

Spørjingskriterium

Eksempel

Ja

For dBase-tabellar, ikkje lik nokon oppgjevne verdiar

=1 returnerer alle datapostar der Ja/Nei-feltet har status «Ja» eller «På» (markert i svart),

Nei

.

=0 returnerer alle datapostar der Ja/Nei-feltet har status «Nei» eller «Av» (inga markering).

Null

IS NULL

«IS NULL» returnerer alle datapostar der Ja/Nei-feltet ikkje har nokon av tilstandane «Ja» eller «Nei» (markert i grått).


Merknadsikon

Syntaksen er avhengig av kva for database som vert brukt. Merk også at Ja/Nei-felt kan vera oppgjevne ulikt (berre 2 tilstandar i staden for 3).


Spørjingar i parametrar

Parameterspørjingane gjer at brukaren kan skriva inn verdiar under køyringa. Desse verdiane vert brukte som kriterium for å velja kva datapostar som skal visast. Kvar slik verdi har eit parameternamn som vert brukt for å kalla opp brukaren når spørjinga køyrer.

Parameternamna har eit kolon framføre seg både i utformings- og SQL-visinga av ei spørjing. Desse kan brukast kvar som helst der ein verdi kan brukast. Viss den same verdien skal brukast meir enn ein gong i ei spørjing, brukar du det same namnet.

I det enklaste tilfellet, der brukaren skriv inn ein verdi som vert samanlikna for likskap, skriv du inn namnet på parameteren med innleiande kolon i rekkja for kriterium. I SQL-modus må dette skrivast som WHERE "Field" = :Parameter_namn

Åtvaringsikon

Parameternamna kan ikkje innehalda teikna <space>`!"$%^*()+={}[]@'~#<>?/,. Dei kan heller ikkje vera dei same som feltnamn eller reserverte ord i SQL. Derimot kan dei heita det same som aliasar.


Tipsikon

Ein grei måte å merkja datapostar baserte på innhaldet i tekstfelt er å leggja til ein gøymd kolonne med kriteriet "LIKE '%' || :Del_av_felt || '%'". Dette vil markera datapostar med eit nøyaktig treff. Dersom testen skal skilja mellom små og store bokstavar, kan du bruka LOWER (Felt_namn) som felt ogLIKE LOWER ( '%' || :Del_av_felt || '%' ) som kriterium. Merk at mellomromma i kriteriet er viktige. Utan desse mellomromma vil SQL-tolkaren leita etter samsvar for heile strengen. I SQL-modus må dette skrivast inn somLOWER ( "Fielt_namn" ) LIKE LOWER ( '%' || :Del_av_felt || '%' ).


Parameterspørjingane kan nyttast som datakjelde til underskjema slik at brukaren kan avgrensa dei viste postane.

Oppgje parameter

Dialogvindauget Parameterinnskriving ber brukaren om å skriva inn parameterverdiane. Skriv inn ein verdi for kvar spørjeparameter og stadfest ved å trykkja på OK eller trykkja påEnter-tasten.

Dei verdiane som vert skrivne inn av brukaren kan innehalde alle teikn som er tillatne i SQL for det relevante kriteriet. Dette er likevel avhengig av det underliggjande databasesystemet.

Tipsikon

Brukaren kan nytta SQL-jokerteikn "%" (vilkårleg streng) eller "_" (vilkårleg enkeltteikn) som ein del av verdien for å henta datapostar med meir komplekse kriterium.


SQL-modus

SQL står for «Structured Query Language» og skildrar instruksjonar for oppdatering og administrasjon av relasjonsdatabasar.

Du treng ikkje kjenna til SQL for å bruka LibreOffice, sidan du ikkje treng å skriva inn SQL-kodar. Dette gjeld for dei aller fleste spørjingane. Viss du opprettar ei spørjing i spørjingsutforminga, gjer LibreOffice automatisk om innstillingane dine til den tilsvarande SQL-syntaksen. Viss du vil, kan du ved hjelp av knappen Slå på/av utformingsvising byta til SQL-vising, slik at du kan sjå SQL-kommandoane for spørjingar som har vorte oppretta tidlegare.

Du kan formulera spørjinga direkte i SQL-koden. Merk at den spesielle syntaksen er avhengig av det databasesystemet som er brukt.

Viss du skriv inn SQL-kode manuelt, kan du oppretta SQL-bestemte søk som ikkje vert støtta i den grafiske brukarflata i Spørjingsutforming. Desse førespurnadane kan utførast i lokal SQL-modus.

Ved å klikka på ikonet Utfør SQL-kommando direkte i SQL-visinga kan du formulere ei spørjing som ikkje vert handsama av LibreOffice.