Spørjingar

Ei «spørjing» er ei spesiell vising av ein tabell. Ei spørjing kan visa ein vald post eller valde felt i ein post. Ei spørjing kan også sortera desse postane. Ei spørjing kan også gjelda for fleire tabellar viss dei er lenkja saman gjennom felles datafelt.

For å bruka denne funksjonen …

Trykk på knappen Spørjingar i eit databasefilvindauge


Bruk spørjingar for å søkja etter datapostar på grunnlag av visse kriterium. Alle spørjingar som er oppretta for ein database vert viste under Spørjingar. Sidan dette elementet inneheld databasespørjingar, vert det kalla for ein «spørjingsbehaldar».

Skriva ut spørjingane

Skriva ut ei spørjing eller ein tabell

  1. Opna eit tekstdokument (eller eit rekneark viss du føretrekk dei utskriftsfunksjonane som denne typen dokument har).

  2. Opna databasefila og trykk på tabellikonet viss du vil skriva ut ein tabell, eller trykk på spørjingsikonet viss du vil skriva ut ei spørjing.

  3. Dra namnet på tabellen eller spørjinga inn i det opne tekstdokumentet eller reknearket. Dialogvindauget Set inn databasekolonnar dukkar då opp.

  4. Vel kva kolonnar (altså datafelt) du vil ta med. Du kan også trykkja på knappen Autoformat og velja ein tilsvarande formateringstype. Lukk dialogvindauget.

    Spørjinga eller tabellen vil verta sett inn i dokumentet.

  5. Skriv ut dokumentet ved å velja Fil → Skriv ut.

Tipsikon

Du kan også opna kjeldevisinga for databasen (Ctrl + Shift + F4), merka heile databasetabellen frå databasekjelda (trykk på det øvre, venstre hjørnet i tabellen), og så dra utvalet over i tekstdokumentet eller reknearket.


Sortera og filtrera data

Lèt deg sortera og filtrera dataa i ein spørjingstabell.

Spørjingsutforming

Med Spørjingsutforming, kan du oppretta og redigera ei spørjing.

Verktøylinja for spørjingsutforming

Når du lagar eller redigerer ei SQL-spørjing, kan du bruka ikona på verktøylinja for spørjingsutforming for å styra datavisinga.

Spørjing i fleire tabellar

Spørjinga kan innehalda data frå fleire tabellar viss desse er lenkja saman med passande datafelt.

Formulera spørjingskriterium

Du kan finna ut kva for operatorar og kommandoar som kan brukast for å formulera filtreringsvilkåra i ei spørjing.

Utføra funksjonane

Du kan laga utrekningar med data frå ein tabell og lagra resultata som eit spørjingsresultat.