Adressedatakjelde

Denne vegvisaren registrerer ei eksisterande adressebok som datakjelde i LibreOffice.

For å bruka denne funksjonen …

Meny Fil → Vegvisarar → Adressedatakjelde


Du kan registrere adressedata og andre datakjelder i LibreOffice når som helst:

Registrera ei adressebok

Vel formatet på den eksterne adresseboka

Ikkje alle formata er tilgjengelege på alle operativsystema.

Firefox

Vel dette alternativet om du alt bruker ei adressebok i Firefox eller Iceweasel.

Thunderbird

Vel dette alternativet om du alt bruker ei adressebok i Thunderbird eller Icedove.

KDE-adressebok

Vel dette alternativet viss du alt bruker ei adressebok i KDE-adressebok.

macOS Adressebok

Vel dette alternativet viss du alt brukar ei adressebok i macOS-adressebok.

Evolution

Vel dette alternativet viss du alt bruker ei adressebok i Evolution.

Evolution LDAP

Vel dette alternativet viss du alt bruker ei adressebok i Evolution LDAP.

Groupwise

Vel dette alternativet viss du alt bruker ei adressebok i Groupwise.

Anna ekstern datakjelde

Vel dette om du vil registrera ei anna datakjelde som adressebok i LibreOffice.

Avbryt

Avsluttar vegvisaren utan å setja i verk nokon endringar.

Tilbake

Let deg sjå vala du gjorde på førre steg. Gjeldande innstillingar vert lagra.

Test

Lagra dei noverande innstillingane og gå vidare til neste side.

Opprett

Opprett sambandet med datakjelda og lukk dialogvindauget.