Vegvisar for Euro-omrekningar

Konverterer valutaen funne i LibreOffice Calc-dokument og i felt og tabellar i LibreOffice Writer-dokument til euro.

Berre lukka filer vert omrekna. Du kan likevel bruka Euro-omreknaren i eit ope LibreOffice Calc-dokument. I dette tilfellet får du opp et eige dialogvindauge. Dette vindauget er omtalt til slutt i denne bolken.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Vegvisarar → Eurokonvertering


Åtvaringsikon

Berre valutaer frå land som er med i EUs pengeunion vert omrekna.


Omfang

Enkelt LibreOffice Calc-dokument

Konverterer ei enkelt LibreOffice Calc-fil. Du konverterer felt og tabellar i LibreOffice Writer ved å kryssa av for Gjer også om felt og tabellar i tekstdokument.

Heile mappa

Konverterer alle LibreOffice Calc- og LibreOffice Writer-dokument og malar i den valde katalogen.

Valutaer

Bestemmer kva valutaeiningar som skal gjerast om til Euro.

Kjeldemappe / Kjeldedokument

Viser katalogen eller namnet på filene som skal konverterast.

Opna eit dialogvindauge for å velja ein katalog eller eit dokument.

Ta med undermapper

Viser om alle underkatalogane til den valde katalogen også skal takast med.

Konverter også felt og tabellar i tekstdokument

Konverterer valutamengder funne i felt og tabellar i LibreOffice Writer-dokument.

Åtvaringsikon

Verdiar i tekstdokumentet som ikkje står i felt eller tabellar vert ikkje gjort om.


Mellombels uverna ark utan spørjing

Vel om arkvernaren skal skruast av medan konverteringa føregår, og så skruast på igjen. Viss arket er passordverna, kjem det opp ein dialogboks der du vert beden om passordet.

Målmappe

Skriv inn katalogen og stien der dei konverterte filene skal lagrast.

...

Opna eit dialogvindauge der du kan velja kva katalog dei konverterte filene skal leggjast i.

Avbryt

Lukker euroomreknaren.

Hjelp

Slå på hjelp for dialogvindauget.

Gjer om

Byrjar konverteringa.

Under konverteringa vert det vist ei side som syner framgangen.

Tilbake

Går tilbake til den første sida av Eurokonvertering.

Dersom gjeldande dokument er eit LibreOffice Calc-dokument eller -mal, kan du opna eurokonvertering ved å trykkja på knappen på verktøylinja. Standarden er at denne knappen er gøymd. For å visa knappen, trykkjer du på pila ved enden av verktøylinja, vel synlege knappar-kommandoen og slår på Eurokonvertering-knappen.

Ikon

Euro-omreknar

Dialogvindauget Euro-omreknar har desse funksjonane:

Heile dokumentet

Konverterer heile dokumentet.

Valutaer

Bestemmer kva valutaeiningar som skal gjerast om til euro.

Utval

Vel cellene du vil rekna om i dette området om du ikkje valde Heile dokumentet. Gjer eit val og trykk på dei ønskte oppføringane i feltet Malar eller Valutaområde. Det valde området vert vist som merkt i dokumentet. Vel Rekn om for å utføre omrekninga.

Cellestilar

Konverter alle celler med den valde cellestilen.

Valutaceller i dette arket

Konverter alle valutacellene i det gjeldande reknearket.

Valutaceller i heile dokumentet

Konverter alle valutacellene i dokumentet.

Merkt område

Konverter alle valutacellene i det merkte området. Alle celler må ha same format slik at dei er moglege å kjenna att som eit valt område.

Malar/Valutaområde

Visar områda frå lista som skal konverterast.