Etterfølgjande sider av dokumentkonverteringa
Angjev kva for mappe det skal lastast frå og lagrast til for kvar maltype og kvar dokumenttype.
Malar
Bestemmer om og i tilfelle korleis malar skal konverterast.
Tekstmalar
Legg merkje til at etiketten «Tekstmalar» kan endrast. Dette er avhengig av vala på tidlegare sider. For eksempel om du har vald Microsoft Word-dokument, står det «Word-malar».
Angjev at malane skal konverterast.
Ta med undermapper
Indikerer at det vert søkt etter passande filer også i undermappene i den valde mappa.
Importer frå
Angjev mappa som inneheld kjeldefilene.
Lagra til
Angjev mappa som målfilene skal lagrast i.
…
Opnar eit dialogvindauge for val av sti.
Dokument
Vel om og i tilfelle korleis dokumenter skal konverterast.
Tekstdokument
Legg merke til at etiketten «Tekstdokument» kan vera noko anna, avhengig av vala på tidlegare sider. For eksempel viss Microsoft Word-dokument er vald, står det «Word-dokument».
Merk dette feltet dersom dokumenta skal konverterast.
Her kan du gå tilbake til hovudsida for vegvisaren Dokumentkonvertering.