Dokumentkonvertering

Kopierer og gjer om dokument til OpenDocument XML-formatet som vert brukt av LibreOffice.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Vegvisarar → Dokumentkonvertering


Vegvisaren konverterer dokument frå Microsoft Word, Excel og PowerPoint. Kjeldefilene vert berre lesne, ikkje redigert. Nye målfiler vert oppretta med nytt filetternamn i den same mappa eller i ei ny mappe.

Vegvisaren dokumentkonvertering har desse sidene:

Dokumentkonvertering side 1

Bestemmer kva typar Microsoft Office-dokument som skal konverterast.

Etterfølgjande sider av dokumentkonverteringa

Angjev kva for mappe det skal lastast frå og lagrast til for kvar maltype og kvar dokumenttype.

Samandrag for dokumentkonvertering

Viser eit samandrag av kva som vert gjort om når du vel Konverter.

Avbryt

Lukkar du eit dialogvindauge med Avbryt, vert ingen av endringane du har gjort i han lagra.

Tilbake

Let deg sjå vala du gjorde på førre steg. Gjeldande innstillingar vert lagra.

Test

Lagra dei noverande innstillingane og gå vidare til neste side.

Gjer om

Om du klikkar deg fram gjennom dialogvindauget, vert denne knappen kalla Neste. På siste sida har knappen namnet Gjer om. Omgjeringavert då gjort når du trykkjer på knappen.