Vegvisar for gruppeelement

Vegvisaren for gruppeelement vert opna automatisk når du set inn ein gruppeboks i eit dokument.

For å bruka denne funksjonen …

I skjemautforming kan du trykkja på gruppeboksen på verktøylinja og laga ei ramme med datamusa.


Vegvisar for gruppeelement: Data

Bestemmer kva alternativfelt ein gruppeboks skal innehalda.

Vegvisar for gruppeelement: Val av standardfelt

Her kan du velja om du vil bruka eitt av alternativfelta som standardfelt.

Vegvisar for gruppeelement: Feltverdiar

Gjev ein referanseverdi til kvart valfelt.

Vegvisar for gruppeelement: Databasefelt

Denne sida er berre synleg om dokumentet er lenkja opp mot ein database. Ho viser om referanseverdiar skal lagrast i databasen.

Vegvisar for gruppeelement: Lag alternativgruppe

Angje ein etikett for alternativgruppa.

Avbryt

Lukkar du eit dialogvindauge med Avbryt, vert ingen av endringane du har gjort i han lagra.

Tilbake

Vis vala du gjorde i dialogboksen i førre steg. Innstillingane på dette steget bvert ikkje endra. Denne knappen kan berre brukast frå og med side to.

Neste

Trykk Neste. Då vil vegvisaren bruka gjeldande innstillingar og går vidare til neste steg. På det siste steget vert denne knappen endra til Lag.

Opprett

Lagar objektet.