HTML-eksport ‒ side 6

Angje fargane for publikasjonen.

Tekstformateringa vert henta frå teikninga eller presentasjonen. Denne sida vert ikkje vist viss du har fjerna merket i avkrysingsboksen Lag tittelside eller vald «Automatisk» eller «Nettkringkasting» på tidlegare sider i vegvisaren.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Eksporter og så filtypen «HTML-dokument» i LibreOffice Draw eller LibreOffice Impress. Dette er side 6 i vegvisaren.


Vel fargeoppsett

Avgjer fargeoppsettet og fargane som skal brukast til tekst og bakgrunn.

Bruk fargeoppsett frå dokument

Bestemmer fargane frå stilar som er brukte i det gjeldande dokumentet.

Bruk nettlesarfargar

Bruk standardfargane frå brukaren sin nettlesar.

Bruk eige fargeoppsett

Let deg velja dine eigne fargar på bestemte element i eit presentasjonsobjekt.

Test

OPnar dialogvindauget Farge. Her kan du velja tekstfargen i presentasjonen.

Hyperlenkje

Opnar dialogvindauget Farge. Her kan du velja fargen på hyperlenkjer i presentasjonen.

Aktiv lenkje

Opnar dialogvindauget Farge. Her kan du velja fargen på aktive lenkjer i presentasjonen.

Besøkt lenkje

Opnar dialogvindauget Farge. Her kan du velja fargen på besøkte lenkjer i presentasjonen.

Bakgrunn

Opnar dialogvindauget Farge. Her kan du velja bakgrunnsfargen i presentasjonen.