HTML-eksport - side 5

Angjev ein stil for knappane som vert brukte til å navigera gjennom lysbilata i presentasjonen.

Denne sida vert ikkje vist viss du har fjerna merket i avkrysningsboksen Lag tittelside eller vald «Automatisk» eller «Nettkringkasting» på tidlegare sider i vegvisaren.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Eksporter og så filtypen «HTML-dokument» i LibreOffice Draw eller LibreOffice Impress. Dette er side 5 i vegvisaren.


Vel knappestil

Angjev om du vil setja inn knappar som kan brukast til å navigera i presentasjonen. Du kan også velja ein stil for knappane.

Berre tekst

Set inn hyperlenkjer som rein tekst utan knappar.

Valfelt

Viser knappestilane som er tilgjengelege. Trykk på ein knappestil for å velja han.