HTML-eksport - side 3

Bestemmer bilettypen og ønskt oppløysing på skjermen.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Eksporter og så filtypen «HTML-dokument» i LibreOffice Draw eller LibreOffice Impress. Dette er side 3 i vegvisaren.


Lagra bilete som

Bestemmer filformatet for bilete. Du kan også velja kor mye bilete som skal eksporterast skal komprimerast.

PNG ‒ Portable Network Graphics-format

Filene vert eksporterte i PNG-format. PNG-filer vert komprimerte utan datatap, og kan innehalda meir enn 256 fargar.

GIF – Graphics Interchange Format

Filene vert eksporterte i GIF-format. GIF-filer vert komprimerte utan datatap, og kan ha opp til 256 fargar.

JPG ‒ Komprimert filformat

Filene vert eksporterte i JPEG-format. JPEG-filer vert komprimerte med valfri komprimering, og kan innehalda meir enn 256 fargar.

Utskriftskvalitet

Vel kor mykje JPEG-bilete skal komprimerast. 100 % gjev best kvalitet for eit stort dataområde. 25 % gjev små filer med dårlegare biletkvalitet.

Skjermoppløysing

Bestemmer oppløysinga for skjermen som presentasjonen skal visast på. Biletet vert vist i redusert storleik, avhengig av oppløysinga som er vald. Du kan velja ein reduksjon på opp til 80 % av opphavleg storleik.

Låg oppløysing (640×480 pikslar)

Vel låg oppløysing for å halda filstorleiken nede også om presentasjonen inneheld mange lysbilete.

Middels oppløysing (800×600 pikslar)

Vel middels oppløysing for ein mellomstor presentasjon.

Høg oppløysing (1024×768 pikslar)

Vel høg oppløysing når lysbiletframvisinga krev høg kvalitet.

Eksporter

Ta med lydeffektar ved biletskift

Bestemmer om lydeffektane som er vald for lysbiletovergangane også skal eksporterast.