HTML-eksport - side 2

Bestemmer kva publikasjonstype som skal brukast.

Du kan velja om du vil ta med rammer, laga in tittelside eller vise presentasjonsnotat.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Eksporter og så filtypen «HTML-dokument» i LibreOffice Draw eller LibreOffice Impress. Dette er side 2 i vegvisaren.


Publikasjonstype

Bestemmer dei grunnleggjande innstillingane for eksporten.

Standard HTML-format

Lag HTML-sider av sidene som vert eksporterte.

Standard HTML med rammer

Lag rammer. Den eksporterte sida vert plassert i hovudramma. Ramma til venstre viser ei innhaldsliste med hyperlenkjer.

Lag tittelside

Lag ei tittelside til dokumentet.

Vel om notata òg skal visast.

Automatisk

Lagar ein standard-HTML-presentasjon som ein såkalla kioskeksport. Dette er ei automatisk vising der bileta vert viste ei bestemt tid.

Som sagt i dokumentet

Lysbileteovergangen er styrt av tida du set av til kvart lysbilete i presentasjonen. Dersom du vel ein manuell sideovergang, kjem HTML-presentasjonen til å visa ei ny side når du trykkjer på kva tast som helst på tastaturet.

Automatisk

Sideovergangen skjer automatisk etter tida som er sett og er ikkje avhengig av innhaldet i presentasjonen.

Visingstid for lysbilete

Vel kor lenge kvart lysbilete vert vist.

Uendeleg

Start HTML-presentasjonen om igjen automatisk etter at siste lysbiletet er vist.

Nettkringkasting

Når eksport for nettkringkasting vert brukt, vert det automatisk laga skript med støtte for Perl eller ASP. På denne måten kan talaren (for eksempel ein talar på ein telefonkonferanse, som køyrer ei lysbiletframvising på Internett) endra lysbileta i nettlesarane til publikum. Du finn meir informasjon om nettkringkasting seinare i denne delen.

Active Server Pages (ASP)

Dette valet gjer at WebCast export lagar ASP-sider når du vel ASP. Merk at denne HTML-presentasjonen berre vil verka på vevtenarar som har støtte for ASP.

Perl

Dette valet vert brukt av programmet for nettkringkasting til å eksportera sider i HTML-format og som Perl-skript.

Nettadresse for lyttarar

Skriv inn ein nettadresse (absolutt eller relativ) som lesaren av presentasjonen skal skriva inn for å kunne sjå presentasjonen.

Nettadresse for presentasjon

Skriv inn ein nettadresse (absolutt eller relativ) der HTML-presentasjonen skal lagrast på nettenaren.

Nettadresse for Perl-skript

Skriv inn ei nettadresse (absolutt eller relativ) for Perl-skripta som vert laga.

Meir informasjon om nettkringkastingseksport

Det finst to nettkringkastingsteknologiar du kan bruka til å eksportera LibreOffice Impress-presentasjonar: Active Server Pages (ASP) og Perl.

Åtvaringsikon

I begge tilfella krev nettkringkasting ein HTTP-tenar som støttar anten Perl eller ASP som skriptspråk. Difor er vala for eksport avhengig av HTTP-tenaren som vert brukt.


Nettkringkasting i ASP

Eksportera

Du kan ikkje lagra to ulike HTML-eksporter i den same mappa.

Slik bruker du nettkringkasting med ASP

Du kan bruka nettkringkasting så snart dei eksporterte filene er tilgjengelege på ein HTTP-tenar.

Eksempel:

Lat oss seia at du har installert Microsoft Internet Information Server (IIS) på datamaskinen. Då du sette opp IIS, valde du mappa «C:\Inet\wwwroot\presentasjon» som målmappe for HTML-filer. I dette eksemplet går vi ut frå at nettadressa til datamaskinen du bruker, er «http://mintenar.no».

Nå kan publikum sjå lysbiletet som føredragshaldaren har vald ved å gå til nettadressa«http://mintjener.no/presentasjon/webcast.asp». Publikum vil ikkje kunne gå til andre lysbilete på denne nettadressa uten at dei veit kva filnamn lysbiletet har. Difor bør HTTP-tenaren setjast opp slik at han ikkje viser innhaldet i mappa.

Nettkringkasting med Perl

Eksportera

Bruka nettkringkasting med Perl

Nå må du setja opp filene som vart laga med vegvisaren for HTML-eksport på ein HTTP-tenar som har støtte for Perl. Dette kan ikkje gjerast automatisk fordi det finst mange ulike HTTP-tenarar som har støtte for Perl. Nedanfor finn du ein generell omtale av stega du må gå gjennom. Sjå i dokumentasjonen for tenaren eller ta kontakt med nettverkadministratoren for å finna ut korleis desse stega skal utførast på tenaren du bruker.

Nå skal du kunna bruka nettkringkasting.

Eksempel:

I dette eksemplet går vi ut frå at du bruker ein HTTP-tenar på ein datamaskin med Linux. Nettadressa til HTTP-tenaren er «http://mintenar.no» og målmappa for HTML-dokument er «//usr/local/http/». Perl-skripta er i mappa«//usr/local/http/cgi-bin/». Skriv inn «hemmeleg.htm» som namn på eksportfila og «presentasjon.htm» som Nettadresse for lyttarar. I tekstfeltet Nettadresse for presentasjon skriv du inn «http://mintenar.no/presentasjon/» og i Nettadresse for Perl-skript skriv du inn «http://mintenar.no/cgi-bin/».

Når du er ferdig med å installera Perl-filene, kan føredragshaldaren visa presentasjonen. Publikum kan sjå denne presentasjonen på nettadressa «http://mintenar.no/presentasjon/presentasjon.htm».