HTML-eksport - side 1

På den første sida kan du velja ei eksisterande utforming eller laga ei ny.

Innstillingane du vel for eksporten vert lagra automatisk som ei utforming for andre eksporter. Du kan skriva inn eit namn etter at du har trykt på Lag.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Eksporter og så filtypen «HTML-dokument» i LibreOffice Draw eller LibreOffice Impress. Dette er side 1 i vegvisaren.


Tildel utforming

I denne delen kan du laga ei ny utforming, og velja eller sletta ei eksisterande utforming.

Viss du slettar ei utforming, slettar du berre utformingsinformasjonen som vert lagra i vegvisaren. Eksportfila vert ikkje sletta når du gjer dette.

Ny utforming

Lagar ei ny utforming ved hjelp av dei neste sidene i vegvisaren.

Eksisterande utforming

Lastar inn ei eksisterande utforming frå utformingslista for å bruka ho som utgangspunkt for stega på dei neste sidene i vegvisaren.

Utformingsliste

Viser alle eksisterande utformingar

Slett merkt utforming

Slettar den merkte utforminga frå utformingslista.